Kontroll av kraftfôrkrevjande produksjonar
Statsforvaltaren har ansvar for å føre kontroll med at husdyrkonsesjonsregelverket blir overheldt. Vi gjennomfører no kontroll av produksjonen i 2022.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Lov om regulering av svine- og fjørfeproduksjonen (husdyrkonsesjonslova) med tilhøyrande forskrift regulerer det kraftfôrbaserte husdyrhaldet, og omfattar all svine- og fjørfeproduksjonen i Noreg. Føremålet er å legge til rette for spreidd husdyrproduksjon. Regelverket set grense for kor mange dyr som kan slaktast gjennom kalenderåret, og kor mange dyr ein kan ha i produksjonen til ein kvar tid.
Konsesjonsfri grense er 2 100 dyreeiningar
Lova har fastsette grenser for kor stor produksjonen kan vere på eit føretak. Konsesjonsgrensa er gitt i tal dyr, og konsesjonsfri grense er alltid tilsvarande 2 100 dyreeiningar. For å kunne produsere meir enn konsesjonsfri grense, må ein ha fått innvilga konsesjon. Konsesjonsfri grense er ikkje avgrensa til å berre gjelde ved teljedatoane for søknad om produksjonstilskot, 1. mars og 1. oktober, men gjeld «til ei kvar tid», heile kalenderåret.
For høner gjeld til ei kvar tid heile kalenderåret. Det vil seie at det ikkje er tillate å ha fleire verpehøns enn konsesjonsgrensa, eventuelt innvilga konsesjon. Høner er konsesjonspliktige ved veke 20, og talet skal ikkje overstige 7 500 om ein ikkje har konsesjon for høgare produksjon.
For avlspurker gjeld innsette avlspurker til ei kvar tid, og utrangerte avlspurker per år. Dermed er det ikkje på noko tidspunkt tillate å ha fleire innsette avlspurker enn konsesjonsgrensa, eventuelt innvilga konsesjon. Det er heller ikkje tillate å utrangere fleire avlspurker enn konsesjonsgrensa, eventuelt innvilga konsesjon.
Det betyr at produsentar med avlspurker må forhalde seg til to konsesjonsgrenser. Det er utrangerte purker og innsette purker, og forhaldet mellom desse og slakta gris. For slaktekylling, kalkun og slaktegris gjeld tal omsette og slakta dyr pr. år.
Oversikt over grenser og dyreeiningar for dei ulike produksjonane finn du i forskrift om svine- og fjørfeproduksjon.
Kontroll
Statsforvaltaren har på oppdrag frå Landbruksdirektoratet ansvar for å føre kontroll av husdyrkonsesjonsregelverket. Kontrollen omfattar dokumentkontroll og stadleg kontroll. Vi har tilgjengeleg informasjon om produksjonen frå leveransedatabasen, i tillegg vil vi i nokre tilfelle be føretaket om meir dokumentasjon for produksjonen. Stadleg kontroll hos eit føretak er risikobasert.
Det blir sendt informasjonsbrev til produsentar som har produsert over konsesjonsfri grense i 2022. Dette for å gjere dei merksame på at produksjonen i 2023 må reduserast tilsvarande overproduksjonen i 2022 for å unngå økonomisk reaksjon.
Det blir sendt varselbrev om krav om betaling av standardisert erstatning viss produksjonen dei to siste åra (2021 og 2022) var over konsesjonsfri grense, og viss produksjonen overstig 15 % over produksjonsfri grense i 2022. Les meir om to-årsregelen under.
To-årsregelen
Produksjonsomfanget skal alltid vurderast over to år. Det er fordi det er mogleg for eit føretak å produsere inntil 15 % over konsesjonsgrensa eit år, mot ein tilsvarande reduksjon året etter. Om det ikkje blir redusert nok år to, må ein betale for overproduksjon. Om overproduksjonen overstig 15 % eit år, skal det reagerast for all produksjon ut over 15 % over konsesjonsgrensa. Dei resterande 15 % kan produsenten redusere påfølgande år for å unngå økonomisk reaksjon.
Informasjon om regelverket
Meir informasjon om regelverket finn de på Landbruksdirektoratet sine nettsider.