Kven er Noregs beste klippar?
Det er i Bjerkreim det skjer. Laurdag 25. september skal Noregs ypparste klipparar knive om kven som er raskast og best til å klippe sau.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 23.09.2021
NM i saueklipping og ullhandtering går av stabelen under Bjerkreimsmarken i Vikeså. Sjølve konkurransen går føre seg i VM-hallen og det er juniorklassen som er først ute og dei startar kl 0900. Deretter går det slag i slag.
Rogalendingane Børge Høiland og Jonathan Gerhard Haakull er regjerande noregsmeistarar høvesvis i saueklipping og ullhandtering.
Lokallaga Bjerkreim, Egersund, Helleland, Lund og Sokndal/ Heskestad Sau og Geit samarbeidar med Rogaland Sau og Geit og NSG sentralt om arrangementet.