Samen for å arbeide om godt svinehald i Rogaland
Rogaland har om lag 30 prosent av nasjonale svineproduksjon fordelt på 436 føretak. I regionen er det er hard konkurranse om svinebonden, dette gjeld både mellom slakteriene og mellom veterinærane. Det er ein grunnleggande føresetnad for utvikling av landbruket i regionen at heile næringa er samla om at det ikkje skal konkurrerast på dyrevelferd og dyrehelse.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Nettverket knytt til det fleirårige prosjektet «Arbeid for godt dyrehald i Rogaland» - kor Statsforvaltaren i Rogland sitt som prosjektleiar, har no etablert ei eiga «svinegruppe». Gruppa skal arbeide med tiltak retta mot svinehald i Rogaland. Gruppa består av lokale representantar frå Norsvin, Forum Gris, veterinærane, slakteria, Veterinærinstittutet, Mattilsynet og Statsforvaltaren.
Gruppa starta denne våren med å invitere alle veterinærane i regionen som utfører helsegris-besøk i svinebesetningar til et møte. Helsegris er eit dokumentasjons- og oppfølgingssystem for helse, velferd og hygiene i svinebesetningar. Besøka blir utførte av ein helsegris-godkjend veterinær. Det er om lag 40 veterinærar som utfører helsegris-besøk i Rogaland.
Helsegris var naturlegvis òg hovudtema for samlinga, kor ansvarleg for systemet Animalia samt Veterinærinstituttet og slakteria heldt innlegg. Samlinga var etterlengta av veterinærane. Dialog, diskusjon og eit samla bilete av kor utfordringane ligg gjer eit godt utgangspunkt for vidare arbeid for eit godt svinehald i Rogaland.