Stor interesse for kjøp av mjølkekvote for ku i Rogaland
Det er stor interesse for kjøp av mjølkekvotar for ku frå staten i 2021, og få produsentar får kjøpe heile kvotemengda dei har søkt om. Årsaka knyttast til prisen for kvotemjølk frå staten som er lågare enn marknadspris og at få produsentar vel å selja mjølkekvota.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Sal av mjølkekvote i 2021 til staten og privat
Tal i frå Landbruksdirektoratet viser at det på landsbasis blei selt kvotar tilsvarande 10 millionar kumjølk i 2021, der 4 millionar av desse blei selt til staten og 6 millionar blei selt privat. Høgast sal av mjølkekvote hadde Trøndelag, Møre og Romsdal, Vestland og Rogaland. I Noreg er det registrert 11 483 eigedomar med grunnkvote. 107 av desse selte kvota si noko som utgjer 0,9 prosent av eigedomane.
I Rogaland blei det selt om lag 1 million liter mjølkekvote i 2021. Fordelinga mellom sal til staten og privat er høvesvis 400 000 og 600 000 liter kumjølk. I Rogaland er det 1819 eigedomar med grunnkvote, og i 2021 selde 10 av desse kvota noko som utgjer 0,5 prosent.
Kjøp av mjølkekvote for ku frå staten i 2021
På landsbasis søkte 3125 produsentar om å få kjøpe 224 millionar liter kumjølkekvote av staten i 2021. Sidan det berre var 4 millionar kvoteliter til sals, resulterte dette i at produsentane fekk kjøpe 1,8 prosent av den totale mengda som blei søkt om.
Interessa for å kjøpe mjølkekvote for ku av staten har vært spesielt stor i Nordland og Rogaland, og få har fått kjøpe heile mengda som blei søkt om. I Rogaland blei det selt 400 000 liter kumjølk til staten som blei fordelt på 735 kjøparar, noko som ga 555 liter ekstra i mjølkekvote til kvar.
Olav Sandlund, seksjonssjef i Landbruksdirektoratet, forklarar den store interessa for kjøp av mjølkekvote for ku med at det er fem år sidan det var mogleg å kjøpe kvote frå staten til lågare pris enn marknadspris. Samstundes blei det solgt mykje mjølkekvote for ku i 2019 og 2020 som er årsaka til at færre sel i 2021.
Viktig informasjon til kjøpare av kvote
Hugs å betala fakturaen for kvotekjøp innan 26. oktober 2021 som kjem i Altinn!
Dersom du ikkje betalar innan fristen fell tilbodet om kjøp av mjølkekvote bort.
Meir om kjøp og sal av mjølkekvotar kan du lese på Landbruksdirektoratet sine nettsider.
Kontaktpersonar
-
Janne Breivik
Tlf: 51 56 87 85