Når problema tårnar seg opp.....
Å driva gard kan vera einsamt arbeid. Dersom problema tårnar seg opp, finst det nokon å snakka med! Ikkje vent med å ta kontakt dersom du kjenner at situasjonen blir for vanskeleg, eller du tenkjer at nokon du kjenner treng hjelp.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
NLR sitt tilbod om krisebistand er ikkje berre for medlemmar, men kan nyttast av alle.
Du kan lesa meir om tenesta her:
NLR si informasjonsside om krisebistand
For mange i landbruket er jobb, familieliv og fritid knytt så tett saman at det kan vera vanskeleg å få avstand til problema. HMS-tenesta kan kontaktast i situasjonar der det kan verka som problema tårnar seg opp, eller til dømes i situasjonar der det er psykisk sykdom, livskrisar, rusproblem eller økonomien er ute av kontroll. Eigne HMS-rådgivarar kan vera ein samtalepartnar, hjelpa til med å få ordna det praktiske, eller kan visa deg vidare til bedriftshelsetenesta. Rådgivarane har sjølvsagt teieplikt.