Dispensasjon frå beitekrav på grunn av tørkesituasjonen
Innmarksbeita i Rogaland er hardt ramma av langvarig tørke og gir lite fôr. Generell dispensasjon frå krav om fôropptak på beite er eit av fleire tiltak som er sett i verk for å avgrense konsekvensane av tørka.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
13. juni blei det kjend at fleire tiltak er sett i verk for å oppretthalde matproduksjonen, og avgrense konsekvensane av tørkesituasjonen, sjå nettsak på Landbruksdirektoratet.no . Eit sentralt tiltak for Rogaland er generell dispensasjon frå krav om fôropptak på beite ved søknad om produksjonstilskot i jordbruket.
Innmarksbeita utgjer nesten 50 prosent av jordbruksarealet i Rogaland, og er dei areala som har blitt hardast ramma av tørka. Ved søknad om beitetilskot er det normalt krav om minst 50 prosent av fôropptaket skal vere frå beitet. Dispensasjon frå kravet gjer at bøndene kan tilleggsfôre dyra på beite utan at det får konsekvensar for tilskotet.
Førebels sats for beitetilskot
I jordbruksoppgjeret 2023 blei det sett følgjande satsar for beitetilskot:
Kontaktpersonar
-
Nono Dimby
Tlf: 51 56 89 78 -
Monica Dahlmo
Tlf: 51 56 89 66