Jordvern

Oppdatert 02.01.2023

Vi treng dyrka og dyrkbar jord for å sikre matforsyning på lang sikt. Derfor bør vi i størst mogleg grad unngå å byggje vegar, bustader og industribygg på dyrka mark. Jordvern inneber å sikre at den beste jorda framleis blir brukt til å dyrke mat og ikkje omdisponert til andre formål.

Presset på matjordareal varier frå fylke til fylke

Utfordringane på dette området varierer mykje frå region til region, med overskot av areal, attgroing og dårleg vedlikehald i enkelte område, og underskot, nedbygging, mangel på areal å spreie husdyrgjødsel på og høge leigeprisar i andre område.

Dei delane av landet med byar og tettstader som veks mest, har også dei mest produktive jordbruksområda. Dei siste 50 åra er det omdisponert meir enn ein million dekar jordbruksareal til andre formål. I arealplanlegginga må utbyggingsbehov, transportsystem, grønstruktur, friluftsinteresser, biologisk mangfald og kulturminnevern vurderast samla.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 25.10.2023

Jordvernkonferansen 2023

På FNs internasjonale jorddag 5.desember, arrangerer NIBIO, Jordvern Norge og Norges Bondelag konferanse om jordvern. Konferansen vil foregå på Ingeniørenes hus i Oslo fra kl. 9:30 til 16:00. Det er også mulig å delta på Teams.


Publisert 22.08.2023

Vi gratulerer Haugesund kommune med Nasjonal jordvernpris 2023

Haugesund kommune blei 21.08.2023 tildelt Nasjonal jordvernpris 2023. Markeringa skjedde på Fagerheim, eit område der kommunen har oppheva områdeplanen for å behalde arealet som jordbruksjord. Kommunen fekk prisen frå statsråd Geir Pollestad, som gav ros til kommunen for å gå føre med eit godt eksempel. 


Publisert 04.07.2023

Ny nasjonal jordvernstrategi med skjerpa mål

Stortinget vedtok 16. juni ny nasjonal jordvernstrategi, i same sak som vedtak om jordbruksoppgjeret. Målet er nå redusert til maksimalt 2000 dekar dyrka jord omdisponert i året.


Publisert 18.04.2023

Økonomiske midler til kommunal jordvernstrategi

Landbruksdirektoraret har utlyst midler til utarbeidelse av kommunale jordvernstrategier. Kommunene oppfordres til å søke – fristen er 31.05.23 og potten er økt siden i fjor!


Publisert 29.03.2023

Haugesund kommune er Rogaland sin kandidat til jordvernpris 2023

Statsforvalteren i Rogaland meiner Haugesund kommune er ein god kandidat for jordvernprisen 2023. Kommunen har sett jordvern og berekraftig byutvikling høgt på politisk dagsorden, noko som har resultert i at dei har gjort eit aktivt grep i form av tilbakeføring av eit større  jordbruksområde nord for byen som var regulert til utbygging.


Publisert 01.03.2023

Ny nasjonal jordvernstrategi – vårt innspel

Statsforvalteren i Rogaland har gitt innspel til arbeidet med å oppdatere nasjonal jordvernstrategi. Vårt råd er eit skjerpa mål til maksimalt 2000 dekar i året.


Publisert 20.02.2023

Ny nasjonal jordvernstrategi - kom med innspel!

Regjeringa skal før sommaren legge fram ein oppdatert jordvernstrategi, og det blir nå innvitert til å kome med innspel.


Publisert 09.01.2023

Nasjonal jordvernpris 2023 - kandidat frå Rogaland?

Statsforvaltaren ønskjer forslag til kandidatar frå Rogaland som fortener nasjonal jordvernpris 2023.


Publisert 09.01.2023

Bruksstruktur ute av kontroll?

I ei tid med fokus på kostnader i landbruket er det viktig å ta opp eit tema som bruksstruktur. Vi erfarer at det er manglande fokus på bruksstruktur når kommunar skal godkjenne leigekontraktar, og også når det gjeld vurdering av konsesjonssaker ved kjøp av tilleggsjord.


Publisert 09.12.2022

Også landbruket må redusere nedbygginga av matjord

– Landbruket må også ta sin del av ansvaret, sa Sandra Borch på konferansen om jordvern i landbruket som blei arrangert 5. desember. Bodskapen kom også fram av andre innlegg i møtet.