Her er beskjeden til kommunane «Ta vare på matjorda»
Landbruks- og matminister Sandra Borch og Kommunal- og distriktsminister Bjørn Arild Gram har ein klar bodskap om jordvern i eit eige brev til kommunane av 23.03.2022.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Sjølv om mattryggleiken i Noreg er god i dag, er sjølvforsyninga berre på om lag 45 prosent. Situasjonen i verda i dag forsterkar bodskapet om at vi sjølv må produsere så mykje mat som mogleg her i eige land. I pressemelding frå departementa er det framheva at kun 3 % av landareala i Noreg kan brukast til å dyrke mat.
Jordvernet skal styrkast i arealforvaltninga
I Hurdalsplattforma løfter regjeringa fram at jordvern skal bli eit overordna omsyn i arealforvaltninga.
«Bevaring av dyrka mark er ein nasjonal interesse. For å oppnå styrka beredskap og mattryggleik må vi ta vare på jordbrukets produksjonsressursar over heile landet (…). Dei beste jordbruksareala ligg ofte der utbyggingspresset er størst, og det er i mange tilfelle ulike interesser knytt til areal med attraktiv plassering» skriv ministrane i brevet. Det siste er tydeleg i matfylket Rogaland som i 2021 omdisponerte mest dyrka jord i landet. (førebelse KOSTRA-tall, SSB).
Kritisk gjennomgang av konkrete utbyggingsprosjekt
For å styrke jordvernet kan kommunane snart søke om økonomiske middel for å lage eigne jordvernstrategiar. Det blir venta at det blir gjort grundige analyser av status og utviklingstrekk for jordvernet i kommunen. Kommunane blir oppfordra til å sette nullvisjonar for omdisponering av jordbruksareal i jordvernstrategiane, sidan det er lite rom for nedbygging av jordbruksareal i åra som kjem. Det er tidlegare løyvd midlar frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet for å få lagd rettleiingsmateriell for å lage arealstrategi og sette kommunalt jordvernmål i regi av Rogaland fylkeskommunen. Sjølv om dette tek utgangspunkt i Regionalplan for Jæren og Søre-Ryfylke er det aktuelt for dei fleste kommunar.
Det går fram av brevet frå ministrane at regjeringa også vil følge kommunane opp med ein kritisk gjennomgang av konkrete utbyggingsprosjekt for å vurdere om desse er i tråd med fastsette jordvernmål.
Krav til arealplanlegginga
Regjeringa legg til grunn at kommunane følger opp den nasjonale jordvernstrategien i arealforvaltninga. Dette inneber at kommunane må prioritere det langsiktige omsynet til matproduksjon når dette må balanserast mot utbygging. Nydyrking er i denne samanheng ikkje egna som argument for å tillate omdisponering av dyrka jord.
I brevet blir kommunane oppfordra til å gjennomføre arealrekneskap i arbeid med kommunale planer, og vurdere tilbakeføring av tidlegare omdisponert jordbruksareal til LNF-føremål. Kommunane må også vurdere fortetting og transformasjon framfor nedbygging av jordbruksareal. I pressområde blir det viktigare korleis vi bygg enn kor vi bygg.
Statsforvaltaren vil følge opp jordvernbrevet
Fleire kommunar i Rogaland er godt i gang med revisjon av sine kommuneplanar. Kommuneplanen er kommunen sitt viktigaste styringsdokument for berekraftig arealforvaltning. Vi ser fram til å få mange gode planar på høyring, der eit strengare jordvern blir lagt til grunn. Vi ønskjer å bidra til å løfte fram jordvern i kommuneplan i tråd med nasjonale mål.
Kontaktpersonar
-
Anfinn Rosnes
Tlf: 51 56 89 80 / 48 14 72 13