Nasjonal jordvernpris 2019 tildelt Randaberg kommune
Prisen blei i dag delt ut av landbruks- og matminister Olaug Bollestad. Fylkesmannen i Rogaland nominerte Randaberg til prisen.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Det er veldig flott at nettopp Randaberg kommune er tildelt Nasjonal jordvernpris. «Den grøne landsbyen» har gjennom den nyleg vedtatte kommuneplanen kopla jordvern og arealplanlegging saman på ein god måte, gjennom ei sentralisert utvikling for å skapa eit levande sentrum og ta vare på jordbruksareala.
Korfor nominerte Fylkesmannen Randaberg?
Det avgjerande for vår del var grepet kommunen gjorde ved å flytta langsiktig grense jordbruk slik at 400 dekar fulldyrka jord på Grødem nå ligg på jordbrukssida av grensa. Her er heile grunngjevinga vår.
Kommunen har gjennom kommuneplanen vist at det er mogleg å verna om jordbruksjorda i eit pressområde sentralt på Nord-Jæren. Me gratulerer og ønsker kommunen lykke til i det vidare jordvernarbeidet.
Kontaktpersonar
-
Anfinn Rosnes
Tlf: 51 56 89 80 / 48 14 72 13 -
Rune Lian
Tlf: 51 56 87 54