Ny nasjonal jordvernstrategi – vårt innspel
Statsforvalteren i Rogaland har gitt innspel til arbeidet med å oppdatere nasjonal jordvernstrategi. Vårt råd er eit skjerpa mål til maksimalt 2000 dekar i året.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Stortinget gjorde i juni 2022 vedtak om at Regjeringa skal legge fram ein ny jordvernstrategi, og at resultatet skal leggjast fram våren 2023. Det er invitert til å kome med innspel innan 6. mars.
Store arealreservar i godkjende planar
Statsforvalteren har særleg framheva at det i følgje faktagrunnlag frå SSB er store arealreservar i godkjende planar. Det er slik sett meir aktuelt å ta ut byggeområde enn å legge til nye. Som døme viser vi til at det er vesentleg areal med dyrka jord som i si tid var tenkt til utbygging på nord-Jæren, men som nå må revurderast m.a. sett i lys av skjerpa jordvern.
Landbruket i eiga nedbygging må meir i fokus
Landbruket sjølv bidreg også til nedbygging av dyrka jord, og det har vore for lite merksemd på dette. Vi rår til at tap av jord i næringa også blir knyta opp til mål om redusert nedbygging, og at det blir synleggjort i årleg statistikk.
Nydyrking er ikkje ei løysing
Vi åtvarar mot å ta med nydyrking som eit viktig tiltak for å kompensere for tap av dyrka jord. I Rogaland er det i aukande grad krevjande å finne areal som kan nydyrkast utan konfliktar med andre interesser, og det er ofte den beste jorda som går tapt ved utbygging.
Vårt innspel finn du i høgremargen. Der finn du også innspel frå Jordvernforeningen i Rogaland.