Gardsbruk på Serigstad i Time får likevel konsesjon
Etter at Time kommune nekta Janne Evertsen konsesjon i 2011, har saka vore både til klagebehandling hos Fylkesmannen og i tingretten. Fylkesmannen har no gitt Evertsen konsesjon på gardsbruket på Serigstad i Time.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Time kommune gav i 2011 avslag på søknaden til Janne Evertsen om konsesjon for kjøp av gardsbruk gnr. 20, bnr. 8 på Serigstad. Etter klagebehandling stadfesta Fylkesmannen kommunen sitt avslag. Tingretten vurderte Fylkesmannen sitt vedtak som ugyldig våren 2013, og vi måtte difor ta ei ny vurdering av saka. I vårt nye vedtak får Evertsen medhald slik at ho får konsesjon for kjøp av den aktuelle eigedommen.
Tingretten fann det første klagevedtaket vårt ugyldig på grunn av saksbehandlingsfeil, men dommen tok ikkje stilling til dei prinsipielle sidene av saka. Vi måtte difor treffe nytt vedtak i saka. Fylkesmannen beklagar at vi ikkje hadde kapasitet til å behandle saka på nytt i tida etter dommen i tingretten våren 2013.
Då saka skulle opp til ny behandling hos oss tidleg i 2014, hadde Landbruks- og matdepartementet sendt ut forslag om å oppheve konsesjonslova § 9, 1. ledd, nr. 1 (priskontrollen). Den uklare situasjonen rundt regelverket gjorde at vi av omsyn til søkar fann det best å utsette klagesaksbehandlinga inntil ei eventuell avklaring av den aktuelle høyringa. Søkar sin advokat vart orientert om dette, og vi gjorde merksam på at vi ville behandle saka dersom det vart kravd.
Behandlinga av det aktuelle lovendringsforslaget vart utsett, og det er no uvisst når forslaget kjem opp til behandling i Stortinget. Etter vårt syn kan behandling av den føreliggjande klagesaka difor ikkje lenger venta på eventuelle lovendringar. Fylkesmannen har difor no gjort ei ny behandling av saka med bakgrunn i det gjeldande regelverket.