Bøndene forvaltar store verdiar

På det store bondemøtet på Varhaug den 29. januar fekk vi nyttig påminning om at bonden har ei viktig rolle som forvaltar av fellesskapet sine verdiar, i tillegg til hovudoppgåva som er å produsere mat. Dette gjeld verdiar knytt til sjeldne planter og dyr, og til kulturminne.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 30.01.2018

Tema om naturverdiar og kulturminne blir sjeldan sett på dagsorden på politiske møte som dette. Det bør eksempelvis gjere kvar bonde uroleg når vi opplever tilbakegang i biebestanden, og når vipa er på retrett frå Jæren.

Knut Henrik Dagestad informerte om naturverdiar på Jæren

Første bidrag på møtet var ved Knut Henrik Dagestad frå Statens naturoppsyn, som innleia med å peike på dei store naturverdiar som er på Jæren. Den mest artsrike naturen har vi på ugjødsla beitemark, i våte område og i restareal. På Jæren har vi  mange viktige våtmarksområde med internasjonal verdi for fuglelivet, og dei resterande myrane har også ein viktig funksjon som naturlege reinseparkar.

Matproduksjon og naturverdiar i samkvem

Jæren er med god grunn kjend som Noregs matfat. Det er dei same naturressursane som gir oss det unike biologiske mangfaldet som har gitt oss det beste grunnlaget for matproduksjon. Det er viktig at samfunnet, og det gjeld også bonden, vel å setje pris på dei samla verdiane som er i dette unike landskapet.

Meir om landbruket som verdiskapar og om berekraft den 19. mars.

På konferansen «Jakta på den grøne diamanten» den 19. mars vil det også vere fokus på utvida verdiar som landbruk representerer. Harald Birkevold skal vere møteleiar, og her ein aktuell kronikk om dette temaet i samband med møtet på Varhaug.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar