Jordvern og utbygging i matfylket Rogaland
Stortinget har i nasjonal jordvernstrtegi stramma inn det nasjonale jordvernmålet, frå maks 6000 dekar årleg nedbygging av dyrka jord til 4000 dekar. Landbrukskonferansen 2016 ser nærare på korleis dette kan gjennomførast i Rogaland.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
I Rogaland har årleg omdisponering av dyrka jord i gjennomsnitt vore på over 1200 dekar dei siste åra. I storleik utgjer dette nær 1/3 av det nye nasjonale jordvernmålet. Det seier seg dermed sjølve at omdisponeringa må reduserast betrakteleg i Rogaland dersom målet skal bli nådd.
Over 2/3 av den årlege nedbygginga av dyrka jord i fylket skjer på Jæren. Dette skjer trass i at vi har Regionalplan for Jæren som mellom anna trekk klåre langsiktige grenser grenser mellom landbruksareal og framtidig utbyggingsareal. Samferdselstiltak har dei siste åra stått for om lag 20 % av den årlege nedbygginga, og ei rekke store samferdselsprosjekt som er under planlegging vil sterkt utfordre jordvernet.
Landbrukskonferansen 2016 set dette viktige temaet på dagsorden.