Fagsamling for landbruksforvaltninga i Rogaland

Fylkesmannen inviterer den kommunale landbruksforvaltninga i Rogaland til fagsamling 22.23. mai 2019. Samlinga vil i år finne stad på Haugalandet.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 18.01.2019

Førebels program

Den første dagen vil det bli fagleg påfyll med faginnlegg og diskusjon på Hotell Maritim i Haugesund. Vi avsluttar dag 1 med middag og sosialt samvær.

Den andre dagen vil det bli moglegheit for å velje mellom to ulike dagsturar. Den eine turen vil ta oss med ut til Utsira og ein liten tur på Karmøy. Den andre turen tar oss med til Tysvær og Vindafjord kommune. På begge turane vil vi sjå på ulike landbruksfaglege tema.

Har de ei god sak å presentere, eller ei god historie, så finn vi gjerne ei opning i programmet eller under middagen. Gi beskjed til Bente, Rolf-Gunnar eller Rune.

 

Meir informasjon og påmelding

Endeleg program og påmelding vil kome på Fylkesmannen i Rogaland sine heimesider under «Kurs og konferansar» seinast 22. mars. Det blir mogleg å melde seg på frå midten av februar, men då med avgrensa informasjon. Vi vil sende ut eigen e-post til kommunane når programmet er klart, men hald av datoane allereie no.

 

Vi ser fram til å sjå dykk på årets fagsamling.  

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.