Hugs søknadsfrist for søknad om produksjons- og avløysartilskot

Frå 1. oktober kan føretak med husdyr- og/eller planteproduksjon søkje om produksjons- og avløysartilskot. Vi minner om at frist for å levera søknaden er 15. oktober!

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 10.10.2023
  • Det er mogleg å levera søknad om produksjons- og avløysartilskot frå og med telledato 1. oktober.
  • Søknadsfrist er 15. oktober.
  • Du kan endra opplysningane i innlevert søknad inntil 14 dagar etter søknadsfristen har gått ut, det vil seie fram til og med 29. oktober. Etter denne dato er det ikkje mogleg å levera eller endra søknaden.
  • Du kan levera søknaden inntil 14 dagar etter søknadsfristen har gått ut, men tilskotsutbetalinga blir då redusert med 1000 kroner for kvar dag fristen er overskriden.

Du som søkjer har ansvar for å føre inn nødvendige opplysningar og kontrollera at dei er riktige.

Ver merksam på at søknaden ikkje blir sendt når du klikkar på «kontroller søknad». Du må klikke på «send søknad».

Hugs å sjekke at du har motteke kvittering i altinn etter søknaden er sendt, dette gjeld óg ved etterregistrering av opplysningar.

Søkjerettleiing for produksjonstilskot og avløysartilskot finn du i denne lenkja.

Ta kontakt med kommunen om spørsmål!

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.