Nytilsett statsforvaltar på Landbruksavdelinga
Linda Skartveit er engasjert ved Landbruksavdelinga i 40 % stilling frå januar til mai, og skal jobbe i linja for areal- og eigedom.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Linda har til dagleg sitt virke ved landbruk- og havbrukskontoret i Stavanger kommune med kontor på Judaberg, og jobbar både med jordbruk, havbruk og plansaker i kommunen. Målet med engasjementet er erfaringsutveksling, og gjensidig nytte for Statsforvaltaren og kommunen. Vi har også behov for bidrag i saksbehandlinga, og her er Linda godt i gang.
Saksfeltet er i hovudsak saker etter plan- og bygningslova, og noko bidrag i arbeid med saker etter jord- og konsesjonslov. Ho vil ikkje få tildelt konkrete kommunar, men bidra etter kor vi har størst behov.
Kontaktpersonar
-
Anfinn Rosnes
Tlf: 51 56 89 80 / 48 14 72 13