Møte med ny leiing i Rogaland bondelag

Rogaland bondelag på besøk hjå Statsforvaltaren. Frå venstre: Geir Skadberg, Irene Tjøstheim, Ståle Hustoft, Jon Tore Refve og Bent Høie. Foto: Anfinn Rosnes

Ståle Hustoft er ny styreleiar i Rogaland bondelag. Torsdag 11. mai var det møte mellom leiinga i Rogaland bondelag og Statsforvalteren, noko som er ein tradisjon når det blir valt ny leiar i bondelaget. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 16.05.2023

Statsforvalteren ved landbruksavdelinga har mange kontaktpunkt mot landbruksnæringa, og særleg ein næringsorganisasjon som Rogaland bondelag. Då er det viktig at vi er godt kjende med kvarandre, og med våre ulike roller. Bernt Høie deltok også i første del av møtet, og framheva at landbruk er ein viktig sak for Statsforvalteren. Styreleiar Ståle Hustoft og nestleiar Jon Tore Refve er viktige kontaktpunkt for oss ut mot næringa.

Formell og uformell dialog er viktig

Det følger av vårt oppdrag at vi skal ha tett dialog med landbruksnæringa, og det er fleire formelle samarbeidsorgan der det er eit krav om samarbeid. Eksempelvis gjeld dette møte i Landbrukspartnaskapet og styringsgruppa for forvaltning av Regionalt miljøprogram (RMP).

Det er viktig at næringa blir involvert når vi skal prioritere i bruken av viktige økonomiske verkemiddel. Samstundes er det like viktig at det et ein open kanal for ein uformell dialog, og vår vurdering etter møtet er at det ligg godt til rette for dette. Vi fekk også ein god prat om dette med at vi har ulike roller, m.a. sett om opp sentrale styresmakter.

Saman om mobilisering

I siste del av møtet deltok fleire frå avdelinga som jobbar med mobilisering, både innan det tradisjonelle jordbruket og nye landbrukstilknytta næringar. Det er viktig at vi står saman med næringa i dette arbeidet, og at næringa sjølv ser dette som viktig. Eksempelvis arbeidet med dyrehelse og dyrevelferd.

Vi kan seie oss samde i Geir Skadberg si korte oppsummering av møtet «dette var et godt møte for oss alle som deltok».

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.