Treng du nokon å snakka med?
Mange i landbruket opplev store vanskar med å få fatt i nok arbeidskraft i år. Stor usikkerheit og auka stress kan føra til at det blir for mykje for nokon. Norsk landbruksrådgiving, NLR tilbyr støtte til dei som treng nokon å snakka med gjennom si HMS-teneste!
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
HMS-tenesta til NLR er ikkje berre for medlemmar, men kan nyttast av alle! Ikkje vent med å ta kontakt dersom du kjenner at situasjonen blir for vanskeleg, eller tenker at nokon du kjenner treng hjelp.
Du kan lesa meir om tenesta her:
NLR si informasjonsside om krisebistand
For mange i landbruket er jobb, familieliv og fritid knytt så tett saman at det kan vera vanskeleg å få avstand til problema. HMS-tenesta kan kontaktast i situasjonar der det kan verka som problema tårnar seg opp, eller til dømes i situasjonar der det er psykisk sykdom, livskrisar, rusproblem eller økonomien er ute av kontroll. Eigne HMS-rådgivarar kan vera ein samtalepartnar, hjelpa til med å få ordna det praktiske, eller kan visa deg vidare til bedriftshelsetenesta. Rådgivarane har sjølvsagt teieplikt.