Vil du jobbe med skog og næringsutvikling – vi har jobb til deg!

Vi roper etter ny fylkesskogmeister, har du svar?

Vi ser etter deg som har interesse for skog- og utmarksressursar, og som vil vere med og utvikle skogbruket i Rogaland. Skogen er eit viktig bidrag inn i det grøne skiftet!

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 15.06.2022

Vi har ledig fast stilling innan skog og næringsutvikling. Sjå heile stillingsannonsa på Jobbnorge.no. Vi søker etter deg som har relevant kompetanse innan skogfaget. Samstundes er vi opptatt av å finne rett person, så dersom du har anna tilgrensande relevant kompetanse er vi framleis interessert. Vi har god erfaring med å tilsette nyutdanna.  

Skogen er og blir ein viktig ressurs

Skogen er av stor verdi, både for skognæringa og i miljø- og klimasamanheng. I Rogaland har vi mykje folk og stor aktivitet, og det gir stor merksemd omkring bruk og vern av alt areal. Dette gjeld også skog og utmark.

Statsforvaltaren har ansvar for at nasjonal politikk blir formidla og følgt opp i praktiseringa av lovverket. På skogområdet har vi som hovudoppdrag å sikre eit berekraftig skogbruk, der auka hogst blir følgt opp med ny forynging og skogskjøtsel. Trevirke inngår som ein viktig del av eit klimatilpassa samfunn, og det nasjonale skogressursen må bli ivareteke på ein berekraftig måte.

I tillegg til tradisjonelt skogbruk skjer det mykje spanande innan bruk av skogressursane i Rogaland. Det er store planar om bruk av trevirke til innslag i dyrefôr, til byggemateriale og som energikjelde. Som tilsett må du vere budd på å arbeide med interessante utviklingsoppgåver kring bruk og foredling av skogressursane. 

I eit godt lag

Hos oss får du arbeide med varierte og interessante oppgåver i eit team som jobbar saman om næringsutvikling i alle delar av landbruket. Og du kan sjølv vere med å forme innhaldet i stillinga. Vi er om lag 25 tilsette i avdelinga, som alle ønskjer å gjere kvarandre gode.

Ta kontakt

Du må gjerne kontakte landbruksdirektør Geir Skadberg eller ass. direktør Anfinn Rosnes.

Her er link til ein filmsnutt frå 2019 sist vi lyste ut tilsvarande stilling, som er overraskande aktuell også i dag.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.