Måltid og ernæringsomsorg for eldre

Ei stor og viktig oppgåve for framtida er å løyse utfordringa med å gi den hurtigveksande eldregenerasjonen nok og ernæringsmessig rett mat. Derfor blir det invitert til ei inspirasjonssamling 19. august på Måltidets Hus i Stavanger kl 10 – 13.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 05.08.2015

Målgruppa er produksjonsansvarleg mat/ måltid, ansvarlege for å servere maten til beboarar på alders- og sjukeheim, ansvarlege for deltaking i konkurransen "Gylne Måltidsøyeblikk", og andre som jobbar med helse, pleie, mat og måltidsløysingar til eldre som får heimetenester.

For meir informasjon og påmelding sjå Måltidets Hus si heimeside

Fylkesmannen i Rogaland, Rogaland fylkeskommune og Måltidets Hus står bak inspirasjonssamlinga. Den er eit ledd i mobiliseringa av deltakarar til konkurransen « Gylne måltidsøyeblikk» i regi av Landbruks- og matdepartementet.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.