Nysgjerrig på lokalmat?

Da er MatSmiå noko for deg. Få fagleg påfyll og delta på nyttige kurs innan brødbakst, mjølkeforedling, søtsaker, design, smak og berekraftig mat. 10.-11. februar på Karmsund vgs i Haugesund.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 28.01.2016

Til kursa har vi plukka kokkar frå øvste hylle; Arne Brimi, Morten Schakenda, Sverre Sætre og Frode Selvaag. Dei vil meir enn gjerne dele av sin kunnskap om råvarer og tillaging av mat.

Formålet med samlinga er å inspirere til nyetableringar, større produktmangfald, auka kompetanse og styrka nettverk mellom lokalmatprodusentar og brukarar av lokal mat og råvarer.

Målgruppa er alle som er interesserte i lokal mat; bønder, matprodusentar, foredlingsbedrifter, produsentsamanslutningar, serveringsstader som ønskjer meir lokal mat på menyen, kokkar som brenn for lokal mat, tilsette innan offentleg forvalting og andre interesserte.

Les heile invitasjonen og programmet her.

Pris for deltaking:

  • Alternativ 1: Inspirasjonssamling og kurs 2 dagar, inkl. lunsjar kr 1950,-
  • Alternativ 2: Berre inspirasjonssamling første dagen, inkl. lunsj kr 1050,-

 

  • Middag under kyndig leiing av Finn Lothe på Historiesenteret på Avaldsnes kr 500,-

Bindande påmelding innan 1. februar.

Påmelding og betaling skjer på Matsmiå 2016 – betaling med kort

Dei som ønskjer å få tilsendt faktura bruk denne lenkja MatSmiå 2016 - faktura (fakturagebyr på kr 50,-kjem i tillegg).

Følg Matsmiå på Facebook.

Arrangørar:

Kompetansenettverk for lokalmat Sør, Fylkesmannen i Rogaland, Innovasjon Norge, Karmsund vgs/Rogaland fylkeskommune og Bygdeutvikling Haugalandet.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.