Landbrukskonferansen 2024 - sentrale tema på dagsorden
Matforsyning og beredskap - Rogalandsbonden er viktig! Dette blir tema for Landbrukskonferansen 2024.
Matforsyning og beredskap er blitt tema som oftare enn før kjem på dagsorden. Verdas matforsyning er trua av klimaendringar og konfliktar, og vår sjølvforsyning blir sett høgt på politisk dagsorden. I dette biletet er det avgjerande at vi held oppe matproduksjonen i husdyrfylket Rogaland, og dette må og vere eit viktig utgangspunkt ved utforming av ny gjødselvareforskrift. Framtidig matforsyning må skje gjennom motiverte bønder, og då er økonomi, dyrevelferd og teknologi sentrale tema. Målet er at landbrukskonferansen skal skape optimisme for ei stadig viktigare næring.
Møteleiar og program
Vi er så heldige å få Bothild Åslaugdotter Nordsletten som møteleiar for landbrukskonferansen som skal arrangerast 4. mars på Imi Forum i Stavanger. Bothild er redaktør i fagbladet Bondevennen og vil losa oss gjennom dagen med stødig hand og sørge for at vi får auka innsikt og kunnskap om tema for dagen. Det vil bli eit variert og spennande program med lokale og nasjonale namn. Endeleg program og påmelding blir gjort kjent innan 15. januar 2024.