Meir investeringsmidlar i landbruket for 2023

I jordbruksoppgjeret for 2022 blei det avtalt om lag 30 prosent auke i investeringsmidlane i jordbruket. For rogalandsbøndene betyr dette ein auke frå 70 millionar kroner til om lag 90 millionar kroner.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 21.11.2022

Fredag 18. november var det dialogmøte i Landbrukspartnarskapet i Rogaland, der hovudtema var prioritering av investeringsmidlar for 2023.

Rogaland fylkeskommune har i oppdrag å utforme oppdragsbrevet til Innovasjon Norge knyta til dei bedriftsretta investeringsmidlane (IBU), og prioriteringa blir avklart gjennom god dialog i partnarskapet. På møtet blei det semje om prioriteringane for 2023.

30 prosent auke i IBU-potten for 2023

I jordbruksoppgjeret for 2022 blei det avtalt om lag 30 prosent auke i investeringsmidlane i jordbruket, og det er også avtalt auke til kva som kan løyvast i eit prosjekt – inntil 40 prosent av kostnadsoverslag. Og det er elles ei klar prioritering mot små og mellomstore mjølkebruk, for å følgje opp lausdriftskravet, og dette er difor vektlagt i vår prioritering også for 2023.

Stor etterspurnad etter IBU-midlar også i 2022

Om lag 70 prosent av IBU-potten for 2022 har gått til 37 mjølkeprosjekt viss vi reknar med støtte til generasjonsskifte. Etter ein start på året med få søknader, blei det stor etterspurnad ut over våren og sommaren. Fleire prosjekt som var i tråd med vår prioritering fekk dessverre avslag grunna mangel på midlar. Det er elles løyvd midlar til 35 gjødsellager, noko som er viktig både ut frå omsyn til økonomi, agronomi og miljø.

Prioritering av investeringsmidlar i 2023

Det var semje i partnarskapet om å følgje hovudtrekka i oppdragbrevet for 2022, men med ekstra fokus på mjølkefjøs for inn til 30 kyr med basis i eiga kvote og eige grovfôrgrunnlag. Det blir opna opp for noko meir midlar til andre dyreslag, då med særleg fokus på dyrevelferd og generasjonsskifte. Det vil elles bli prioritert noko auke i midlar til grønt- og tilleggsnæringar. Elles er det som før fokus på dei som hentar hovudinntekta på garden, og på miljø og klima. Meir konkretisering blir gjort i nytt prioriteringsbrev frå Rogaland fylkeskommune som kjem tidleg i 2023, og meir om prioriteringane for 2023 finn du på Innovasjon Norge si nettside

Webinar om prioritering 2023 i desember

Det blei semje i møtet om å arrangere eit ope webinar med tema prioritering IBU 2023. Webinaret blir arrangert 7. desember 2022 kl 09.00 - 11.00. Program og påmelding innan 5.desember fin du her

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.