Rekordpåmelding til Gladmat
I år vil heile 45 lokalmatprodusentar vise fram og selje sine utsøkte produkt på festivalen.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Gladmat skjer 30. juni til 3. juli, og flyttinga av festivalhelga har ført til at fleire bedrifter har meldt seg på. Før om åra førte avvikling av ferie samtidig med gjennomføring av Gladmat til store utfordringar for både små og store bedrifter.
Lidenskap for lokalmat
ASKO og Helgø Meny markerer seg skikkeleg og har invitert med seg 20 lokalmatprodusentar på stand på festivalen. Marknadssjef Oddvar Hanasand i Helgø Meny seier at dei skal promotere lokalmatprodusentane i alle sine butikkar i fylket under festivalen.
Marknadssjef Cecilie Espeland Klovning i ASKO har vore ein særs viktig person i arbeidet med å synleggjere og promotere lokalmat frå Rogaland i det daglege arbeidet sitt overfor serveringsnæringa, og ikkje minst på Gladmat. Ho legg opp til å marknadsføre og knytte sterkare band mellom lokalmatprodusentane og restaurant- og storhushaldningsbransjen.
Ein grønare Gladmat
Elles er det eit rikhaldig og spennande program som Gladmat-gjengen tilbyr. Her blir det mellom anna spiselege rundturar og eit nytt konsept "Bakgården" med restaurantar og scene på Nytorget som handlar om å redusere avfall.