Sterk satsing på mjølk og grønt

Trefjos på Tjåland
Trefjos på Tjåland Foto: Anfinn Rosnes / Statsforvaltaren i Rogaland.

24 rogalandsbønder har fått tilskot til å bygge nye mjølkefjøs og 26 gartnarar vil satse på frukt, bær og grønsaker på friland og i veksthus.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 17.06.2021

Torsdag 10. juni var det eit nyttig dialogmøte i landbrukspartnarskapet, der Innovasjon Norge presenterte tildelingar av investeringsmidlar i landbruket – IBU-midlar. Det kom fram at det er har vore svært stor konkurranse om midlane i 2021, og midlane blei brukt opp tidleg på året. Statusavklaringa er nyttig for å sjå om vi treff i høvet til strategien, og for å skaffe oss eit godt grunnlag for å tenkje framover mot 2022.

33 millionar til 24 nye mjølkefjøs

Det er nå Rogaland fylkeskommune som skriv oppdragsbrevet på vegne av landbrukspartnarskapet, eit styringsdokument for målretta bruk av investeringsmidlane i Rogaland. Vi kan stadfeste god måloppnåing i form av prioritering av mindre mjølkefjøs også for 2021, med fokus på eige grovfôrgrunnlag og mjølkekvote. Det er gledeleg å sjå at mobiliseringa gir resultat, eksempelvis at den viktig mjølkekommunen Vindafjord toppar lista.

Lite saker frå viktige landbrukskommunar

Av tala frå Innovasjon Norge kan vi sjå at det er viktige landbrukskommunar med lite løyvingar. Dette kan svinge mellom år, men det er samstundes nokon kommunar som over fleire år har lite investeringar. Her har kommunen ei viktig rolle når det gjeld mobilisering.

21 millionar til Rogaland frå nasjonal grøntpott

Det er ekstra gledeleg å sjå at Rogaland har teke ei god del av den nasjonale investeringsramma til grøntsatsing. Her har veksthusnæringa fått tildelt ein vesentleg del, og dette er eit viktig bidrag mot ei meir berekraftig veksthusnæring.

Start søknadsprosess nå

Eigentleg er det positivt at Innovasjon Norge har brukt opp potten for 2021. Dersom du har tankar om å få ta del i potten for 2022, må du berre starte med planlegging og søknadsprosess. Truleg blir strategien for 2022 den same som for 2021. Det er godt kjent at Rogaland ikkje får tildelt midlar i forhold til omfang i husdyrhaldet, og at det difor må vere ei ekstra streng prioritering. Det er avtalt nytt møte i august for å drøfte strategi for 2022.

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar