Utvida søknadsfrist for regionalt miljøtilskot
Fristen for å søke regionalt miljøtilskot er utvida til 29. oktober. Årsaka er tekniske problem med søknadssystemet.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 18.10.2023
I denne nettsaken finn du oversikt over aktuelle tilskotsordningar i Rogaland:
Tilskotsordningar i Regionalt miljøprogram 2023 | Statsforvaltaren i Rogaland (statsforvalteren.no)
Dersom du har spørsmål til søknaden om tilskot kan du kontakte landbruksforvaltninga i din kommune.
Utsett saksbehandling
Utsettinga av søknadsfrist gjer at kommunane ikkje kan starte å saksbehandle søknadane før 30. oktober. Utsettinga får ikkje konsekvensar for utbetalingsdato av tilskotet som er sett til 14. mars 2024.