Vilkår for å få regionalt miljøtilskot
Her får du oversikt over generelle reglar og vilkår for å få regionalt miljøtilskot i Rogaland.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Kven kan søke regionalt miljøtilskot?
Føretak som får produksjonstilskot i jordbruket kan også søke regionalt miljøtilskot. Føretaket må drive vanleg jordbruksproduksjon på ein eller fleire landbrukseigedomar og vere registrert i Einingsregisteret. Beitelag som er registrert i Einingsregisteret innan 31. juli i søknadsåret, kan søke tilskot til drift av beitelag.
Privatpersonar, lag og foreiningar får ikkje regionalt miljøtilskot.
Eigar/leigar – kven kan søke?
Det er føretaket som disponerer arealet som kan søke regionalt miljøtilskot. Å disponere eit areal vi seie at føretaket sjølv utfører eller administrerer oppgåver som jordarbeiding, gjødsling, plantevern, gjerding, hausting/beiting og anna skjøtsel av arealet.
Areal og dyr som får både produksjonstilskot og regionalt miljøtilskot, skal vere omsøkt av same føretak. Til dømes er det den som søkjer produksjonstilskot på arealet som skal søkje tilskot til miljøvenleg gjødselspreiing, sjølv om det er andre personar som har det som spreieareal og som utfører gjødslinga. Føretak som er i driftsfellesskap blir omfatta av felles tilskotstak.
Tilskot som gjeld utmark skal søkjast på av det føretaket som disponerer arealet og som utfører miljøtiltaket. Skjøtselen må vere i tråd med avtalen leigar har for bruken av området. Til dømes er det føretaket som har beitedyr som skal søke tilskot til beite av kystlynghei. Forholdet mellom eigar og leigetakar er privatrettsleg, og dei må sjølv avtale kva regionalt miljøtilskot eventuelt har å seie for leigeforholdet.
Søknaden må leverast i rett tid
Det er mogleg å søke tilskot frå 15. september. Søknadsfristen er 15. oktober. Søknadar levert etter frist blir trekt 1000 kr per dag etter 15. oktober. Søknadar som blir levert seinare enn 29. oktober blir avvist. Det er mogleg å gjere endringar i innlevert søknad fram til 29. oktober utan at det gir reduksjon i tilskot.
Frist for registrering av areal med miljøverdiar, merking av tursti, avmerking av tursti på kart med meir er 31. juli.
Søknaden kan leverast anten elektronisk via Altinn eller på papir til kommunen. Vi oppmodar alle til å søke elektronisk! Hjelp til å fylle ut elektronisk søknad er å finne på heimesida til Landbruksdirektoratet. Søkarane bør ta vare på kvitteringa for innlevert søknad, den dokumenterer at søknaden er sendt. Kvitteringa blir sendt føretaket sin meldingsboks i Altinn.
Tiltaka skal teiknast inn i kart
Saman med søknad om miljøtilskot skal det vere kart som viser kvar tiltaka er gjort. Ved elektronisk søknad startar søknadsprosessen med å teikne i elektronisk kart som seinare i søknadsprosessen blir overført til søknaden. Dei som søker på papir må levere både søknadsskjema og kart som viser kvar tiltaka er gjort. Kommunen vil deretter teikne inn tiltaka i saksbehandlarsystemet.
Fleire tilskotsordningar er avgrensa til definerte område. På nettstaden www.temakart-rogaland.no/rmp er det oversikt over kvar dei ulike tilskotsordningane gjeld.
Korrekte opplysningar i søknaden
Opplysningane i søknaden skal vere korrekte. Søkarane har plikt til å sette seg inn i vilkåra for tilskot. Dersom søkaren fører opp areal eller dyr som ikkje gir grunnlag for tilskot, så kan søknaden bli avkorta. Kommunen har plikt til å vurdere om feilopplysingar i søknaden skal føre til avkorting av tilskotet.
Miljøvenleg drift
Det er forventa at føretak som får regionalt miljøtilskot viser aktsemd for miljøverdiar, og oppfyller regelverket på miljøområdet. Brot på regelverk gir grunnlag for avkorting av miljøtilskotet. Det same gjer brot på forskrift om gjødslingsplanlegging og manglande journal over plantevernmidlar.
Det skal minimum vere to meter vegetasjonssone langs vassdrag med årssikker vassføring
Mangel på vegetasjonssone langs vassdrag med årssikker vassføring kan føre til at kommunen avkortar søknaden. Sona skal vere minimum to meter brei, og kan vere av all type vegetasjon som gras, buskar, tre o.l. Det er ikkje tillate å jordarbeide eller sprøyte vegetasjonssona.
Føretaket skal ikkje gjere inngrep i kulturlandskapet utan løyve
Dersom føretaket utan løyve gjer inngrep som er negativt for kulturlandskapet, t.d. river steingardar, lukkar bekker, sprøyter kantvegetasjon o.l., kan det føre til at kommunen avkortar søknaden.
Opplysningsplikt og kontroll
Søkarar har plikt til å gi alle opplysningar som kommunen, Statsforvaltaren og Landbruksdirektoratet finn nødvendig for å forvalte ordninga. Kommunen, Statsforvaltaren og Landbruksdirektoratet kontrollerer at utbetaling av tilskot er riktig og skjer på rett grunnlag. Kommunane vil kvart år kontrollere minst 5 prosent av søknadane.