Kartlegg siloanlegg på Jæren
Silosaft på avvege kan føre til stor skade i vassdrag. No kartlegg kommunane på Jæren siloanlegg og lagringsplassar for rundballar for å hindre avrenning.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Per Bjorland, prosjektleiar i Frivillige tiltak i landbruket, reiser rundt frå gard til gard dei neste månadane. Målet er å hjelpe bøndene med å finne dei gode løysningane for å handtere silosaft. Det er Jæren vannområde som er initiativtakar til prosjektet, og dei har leigd inn Per Bjorland til å gjere jobben. Prosjektet er støtta økonomisk med mellom anna klima- og miljøtiltaksmidlar, KMP, og er tenkt å vare i tre år. Det er kommunane som saman med Bjorland vel ut kva vassdrag som skal prioriterast. Dei planlegg å besøke kring 150 gardsbruk per år fordelt mellom kommunane. Kartlegginga inneberer registrering av dei ulike siloanlegga/lagringsplassar for rundballar, mengde silo, plassering, oppsamlingssystem for silosaft og drenering. Eit sentral tema er kva rutinar gardbrukaren har for å handtere silosaft, både rett etter ilegging, men også i uttaksfasen.
For mange utslepp
Bakgrunnen til prosjektet er gjentatte utslepp i kanalar, bekkar og elver. 1 liter silosaft er nok til å forureine 5m3 vatn, og gi såkalla "lammehalar" i vassdraga. Lammehalane er koloniar av mikroorganismar, og er eit typisk teikn på organisk belastning. Silosaft innheld organiske syrer, sukker og proteiner mv. der mykje av det organiske stoffet er lett omsetteleg. Nedbrytinga krev mykje oksygen, og er skadeleg for fisk og anna liv i vassdraga. I ein eldre utgåve av tidsskriftet Norsk vann (frå ei tid der fortørking av graset ikkje var så vanleg som i dag), er det gitt følgande eksempel: I ein 6 meter brei bekk som er 1 meter djup med ei vassføring på 200 liter/sekund vil pressafta frå 100 tonn surfôr kunne drepe laksefisk i ei strekning på 23 km. Her rekna dei med ei pressaftmengde på 20 prosent av innlagt fôr, og at pressafta hadde eit BOF-tal (biokjemisk oksygenforbruk) på 50 000. Eksemplet illustrerer kor stor påveknaden silosaft kan ha i vassdrag.
I dag er fortørking av graset vanleg, og mengden silosaft er med det redusert. Likevel er det kvart år enkeltobservasjonar av lammehalar i vassdraga på Jæren. Målet med prosjektet er å førebygge utslepp, og motivere til gode praktiske løysningar i kvardagen. Bjorland har drive gard i mange år og har god erfaring. Besøka er ikkje tilsyn etter forskrift om organisk gjødsel. Dersom det blir oppdaga utslepp av silosaft i vassdrag er det kommunen som har myndigheit til å følge opp.
Spørsmål til prosjektet?
Interesserte kan kontakte prosjektleiar Per Bjorland på telefon 915 79 379, eller koordinator i Jæren vannområde Connie Hellestø på e-post: connie.hellesto@klepp.kommune.no.