NIBIO presenterer konsekvensar av nytt gjødselregelverk
NIBIO har nyleg vurdert konsekvensane av ei eventuell innstramming av gjødselregelverket. Torsdag 22. april presenterer dei rapporten som ligg bak. Presentasjonen blir open for alle interesserte i Rogaland, men krev påmelding.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
I rapporten «Samfunnsøkonomisk effektiv håndtering av økt gjødseloverskudd» vurderer NIBIO konsekvensane av Landbruksdirektoratet og Miljødirektoratet sine forslag til innstrammingar av gjødselregelverket. Rapporten er eit av fleire faglege grunnlag Landbruks- og matdepartementet skal bruke i arbeidet med å revidere forskrift om organisk gjødsel.
Rapporten slår nok ein gang fast at Rogaland er fylket der konsekvensane av nytt regelverk blir størst. Om lag 30 prosent av føretaka som blir råka av nytt regelverk er lokalisert i Rogaland. Vi har i samarbeid med Rogaland biogassnettverk og Rogaland landbrukspark m.fl. invitert forfattarane bak til å presentere rapporten for jordbruksnæringa i fylket.
Presentasjonen blir heldt på Teams torsdag 22. april kl 12.
Påmelding
Meld deg på snarast og seinast 19. april dersom du er interessert i å delta. Påmeldinga gjer du ved å fylle ut vedlagte påmeldingsskjema. Når skjemaet er sendt inn får du opp ei melding på skjermen som stadfester påmeldinga. Nokre dagar før møtet får du får e-post med link til Teams-møte.