NIBIO vil høyre gardbrukarane sine erfaringar med vipestriper
NIBIO inviterer gardbrukarar med erfaringar eller synspunkt på vipestriper til møte, hvv. onsdag 25. januar på Undheim og torsdag 26. januar på Tysværtunet.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
NIBIO har fått økonomisk støtte frå Statsforvaltaren for å sjå nærare på regionalt miljøtilskot til vipestriper, og samle inn gardbrukarane sine erfaringar og synspunkt. Resultata vil bli brukt til å målrette innsatsen for å ta vare på vipa.
Vel mellom to møte
Det blir heldt to like møte:
- Undheim samfunnshus, onsdag 25. januar 2023 kl. 13-16.
- Tysværtunet kulturhus, Nygaardsalen, torsdag 26. januar 2023 kl. 11-14.
På møtet presenterer NIBIO resultata frå den nasjonale overvåkinga av fuglar i jordbrukslandskapet, og så gjennomfører dei ei enkel digital spørreundersøking (ta med mobilen). Det blir også høve til å kome med spørsmål til forskarane
Dette vil forskarane spørre om (frå nettsaka til NIBIO):
- Hva er gårdbrukeres synspunkter, kunnskap og erfaringer med vipestriper og liknende landbruksmiljøordninger?
- Hva tenker gårdbrukere om ulike tiltak for viper, som f.eks. flytting av reir, merking av reir, endrede kjøremønstre, dekking av reir med disker under gjødselspredning, og vipestriper?
- Hvilke vurderinger gjør gårdbrukere i balansen mellom praktisk drift av areal og ivaretakelse av vipene?
Påmelding og meir informasjon
Meir informasjon og link til påmelding finn du på denne adresssa: Gir vipestriper suksess? (pameldingssystem.no)