Utbetaling av midlar til klima- og miljøtiltak
Organisasjonar som har fått tilskot frå klima- og miljøprogrammet kan be om utbetaling via Altinn.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Statsforvaltaren kan utbetale inntil 75 prosent av prosjektstøtta undervegs i prosjektet etter medgåtte utgifter. For å få sluttutbetaling må søkarane levere rekneskap og rapport.
For å be om utbetaling må søkarane
- logge seg inn i Altinn.no
- velje kven dei skal representere (føretak eller privatperson)
- velje "Alle skjema" og søkje fram skjemaet Klima- og miljøprogrammet (KMP) - tilskudd til fylkesvise tiltak
- velje "Start tjeneste" og "Vidare"
- Klikke på den blå knappen "Registrer utbetalingsanmodning" under søknaden.
Når søkarane ber om utbetaling må dei laste opp nødvendig dokumentasjon. For delutbetalingar er det nok å laste inn eit dokument som gir oversikt over medgåtte utgifter og kort oversikt over framdrifta i prosjektet. Ved sluttutbetaling må søkarane levere fullstendig prosjektrapport og rekneskap.
Søkarane treng ikkje sende prosjektrapport og rekneskap til Statsforvaltaren sitt postmottak i tillegg.
Kort om regionale klima- og miljøtiltaksmidlar
Statsforvaltaren i Rogaland forvalter årleg om lag 600 000 kr som kan brukast til å støtte prosjektsatsingar innanfor klima og miljø.
Måla for midlane er å bidra til:
- At produksjonen av mat skal skjer med god ressursbruk og minst mogleg forureining, klimagassutslepp og tap av biomangfald
- Å auke miljøtenestene frå landbruket som kulturlandskap, biologisk mangfald i kulturlandskapet, binding av karbon og produksjon av biogass.
- Å tilpasse agronomi og dyrkingssystem til endra klima, med sikte på å oppretthalde eller auke matproduksjonen og ta vare på ressursane.
Kontaktpersonar
-
Monica Dahlmo
Tlf: 51 56 89 66