SMIL-tilskot til tak på gjødsellager
Kommunane kan frå 2019 gi tilskot til å etablere dekke/tak over utvendig gjødsellager.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Dekke over gjødsellager kan redusere utslepp til luft, særleg tapet av ammoniakk. Reduserte utslepp av gjødselgassar frå gjødsellager er òg positivt for omgivnadane.
For å få SMIL-tilskot må søkjaran:
- Ha ei drift som kvalifiserer for produksjonstilskot,
- Nok lagerkapasitet for husdyrgjødsel til å oppfylle minstekrava i forskrift om organisk gjødsel, og
- velje takløysning av varig karakter tilpassa det aktuelle lageret.
Tilskot frå Innovasjon Noreg
Innovasjon Norge har òg eit tilskot til tak på eksisterande gjødsellager. Det er avgrensa med SMIL-midlar. Difor er vår tilråding å søke om tilskot til tak på gjødsellager via Innovasjon Norge. Viss din søknad til Innovasjon Norge ikkje vinn fram er SMIL eit alternativ.
SMIL-ordninga skal støtte bønder som gjer ein frivillig miljøinnsats ut over gjeldande lovverk, for å ta vare på kulturlandskap, biologisk mangfald eller å hindre ureining til vatn og til luft.
|
Kontaktpersonar
-
Nono Dimby
Tlf: 51 56 89 78