Hald av 25. april til webinar om Inn på tunet
Vi inviterer kommunar og IPT-gardar til webinar med tema «Demensomsorg på gard».
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Å levere gode tilbod innan demensomsorg er ei viktig oppgåve for kommunane og fleire kommunar tar no i bruk andre løysingar som eit supplement til kommunen sine dagaktivitetstilbod.
Bjørg Odland hos Statsforvaltaren i Rogaland vil informere om reforma "Leve hele livet" og overgang til ny satsing "Bo trygt heime".
Vi skal også få høyre om tilbodet på Lillehov ved dagleg leiar Ingunn Sigstad Moen i Løten kommune. Lillehov er ein godkjent Inn på tunet-gard, og har hatt dagaktivitetstilbod for mennesker med demens sidan 2004. I dag tar garden imot personar med demens frå tre nærliggande kommunar gjennom interkommunalt samarbeid.
Fleire innlegg kjem og program vil bli utarbeida om kort tid med informasjon om klokkeslett og påmelding til webinaret som vil vare om lag to timar.