Interessante salskanalar for frukt og grønt

Fylkesmannen si Landbruksavdeling har vore på studietur til Sør Tyskland, der mellom anna frukt- og grønsaksprodusentar vart vitja. Desse hadde interessante, og for oss nye salskanalar.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 09.09.2019

Gardane ligg ikkje langt unna Bodensjøen, og er ganske store etter vår målestokk. Produsentane var opptekne av å fortelje forbrukaren om kva som skjer og kor viktig landbruket er.

Adopter eit epletre
Familiar frå til dømes München kan adoptere eit epletre på «Obst und Wein Brög Lindau» og får hauste epla når dei er modne. Vidare planar var å sette opp web-kamera slik at dei som hadde adoptert epletreet kunne følgje med når treet vart beskjert, under bløming og når epla var modne.

Kreativ marknadsføring
Det meste av epla vart selde til små butikkar, byggvarehus (som sel litt andre varer enn i Noreg) og til privatpersonar i og rundt München.
Fruktprodusenten hadde den seinare tida hatt fleire og fleire besøk av grupper og bedrifter som ville sjå og høyre om fruktgarden, og som dei betalte for.
For å auke inntekta på garden hadde garden investert i ei lasermaskin, som kunne trykke tekst på epla (- og andre frukttypar enn eple). Mange bedrifter bestilte eple med tekst og brukte det som gåver på messer. Noko frukt vart foredla til saft, most, sprit (snaps) og som tørka eple.

Økologisk grønsaksproduksjon
På Mosisgreut i Vogt produserer dei over 25 ulike grønsaker som saman med andre lokale produkt vert seld i gardsbutikken, eller som matkassar som lokalbefolkninga har bestilt via telefon eller internett. Kundane kan velje mellom over 60 lokale produkt og dei hadde mellom 2-3000 faste kundar. Alle matkassane vart transportert direkte til kundane. Dei hadde om lag 25 tilsette.
I tillegg selde dei litt grønsaker til lokale restaurantar og var kvar veke på marknad i Wangen, Isny og Ravensburg. Alle produkt var økologiske

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktperson