Kurs i jus og siderproduksjon
Interessa for norsk sider er aukande. Matinteresserte turistar ønskjer fleire matopplevingar, og næringa treng norsk drikke med høg kvalitet. Nå inviterast det til kurs.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Målet med kurset: Gi ei innføring i produksjon av jus og sider med gjennomgang av dei viktigaste trinna i produksjonen, gjeldande regelverk, og kva som må til for å oppnå drikke av god kvalitet.
Målgruppe: Lokalmatprodusentar innan frukt- og drikkeproduksjon samt serveringsstadar (mindre enn 10 årsverk) med lokalmat på menyen. Det er ein fordel med noko erfaring i pressing av frukt, men kurset passar også for nybegynnarar.
Føredragshaldarar: Åge Eitungjerde, Terje Jonsbråten, Eivind Vangdal m.fl.
Tidspunkt: 30. okt-1. nov
Dag 1: Besøk hos Syse Gard, Apalvegen 104, 5730 Ulvik
NB! Oppmøte kl. 17.00. Her blir det presentasjonar, undervisning, omvising, sidersmaking og mat.
Dag 2: Undervisning på Brakanes Hotel i Ulvik. Besøk og middag med sidersmaking hos Ulvik Frukt & Cideri
Dag 3: Undervisning på Brakanes Hotel i Ulvik. Besøk hos Hardanger Saft- og Siderfabrikk. Slutt kl 16.00
Pris: 3000 kr (inkl. lunsj, kaffe/te, kursmateriell og ein middag med sidersmaking)
Overnatting er ikkje inkludert i prisen. Det må bestillast og betalast av kvar enkelt.
Meld deg på her
Les meir om kurset her
For ytterlegare opplysningar kontakt Heidi Katrine Trige, heidi.katrine.trige@nofima.no, tlf: 995 62 244
Kurset er i regi av Kompetansenettverk Lokalmat Sør