Kva retning går landbruket i Rogaland?
Kanskje ligg svaret i Regionalt bygdeutviklingsprogram (RBU)! Programmet blei endeleg behandla i landbrukspartnarskapet den 11. desember og blir nå send til Landbruks- og Matdepartementet til orientering. Dette blir eit viktig strategisk dokument for vidare utvikling av landbruket i Rogaland.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
RBU er eit regionalt tilpassa program for å følgje opp nasjonal landbrukspolitikk. Målet er at dette skal fremje landbruksbasert næringsutvikling og gi ei målretting av miljø- og klimaarbeidet. Auka verdiskaping basert på næringa sine samla ressursar står sentralt, og då i heile bredda av ressursar som mat, trevirke, tenester og energi.
Mange relevante planar og strategiar
RBU skal ikkje erstatte dei planar og strategiar som ligg føre, og det kjem difor fram av strategien korleis dette er tenkt i ein samanheng. Regionalplan for landbruk i Rogaland er framleis regionen sin viktigaste strategiske plan for landbruket. Nyleg vedteken Strategi for bioøkonomi i Rogaland blir også vektlagt.
Utfordringar i landbruket
I innleiande del av RBU er det omtale av dei mest kjende utfordringar i næringa, eksempelvis på klima- og miljøområdet. Det er elles peikt på det store verdiskapingspotensiale som er i skogen i Rogaland.
Måldelen viktigast
Mål og strategiar kjem fram av kapittel 6, med konkrete føringar for dei ulike ordningar. Eksempelvis er det gitt overordna føringar for midlar til investering og bedriftsutvikling (IBU), der det er framheva satsinga på fjøs for 15-30 mjølkekyr basert på eksisterande arealgrunnlag. Eit anna døme er strategiske føringar for Regionalt miljøprogram. Miljø- og klimatiltak vil ha høg prioritert innan fleire ordningar.
Det vil bli laga årlege handlingsplanar og strategidokument innan fleire av ordningane. Til dømes kjem Regionalt miljøprogram for Rogaland i mars og oppdragsbrev knyta til IBU i februar neste år.
Kontaktpersonar
-
Anfinn Rosnes
Tlf: 51 56 89 80 / 48 14 72 13 -
Monica Dahlmo
Tlf: 51 56 89 66