Vestlandsambassadørar til Berlin
                Messa Internationale Grüne Woche vert arrangert frå 20.-29. januar 2023. Dei norske deltakarane er valt. Dette vert det glimrande reklame av for Noreg og Vestlandet.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
I det vestlandske fjordlandskapet vert det produsert mat- og reiselivsopplevingar i verdsklasse. Denne gangen reiser 20 utvalde bedrifter frå Fjord Norge-regionen til den største matmesse i verda, Internationale Grüne Woche i Berlin. Den andre regionen som får reise er Trøndelag.
Regionalt er vi organisert som eit samarbeid mellom Statsforvaltarane i Møre og Romsdal, Vestland og Rogaland. Vestlands- eller Fjord regionen som vi kaller oss på messa har vore del av dette prosjektet mange gangar før, noko som ikkje er tilfeldig.
Deltakarane frå Fjord regionen er:
| 
 Rogaland  | 
 Apal Sideri  | 
| 
 
  | 
 Lysefjorden Sjokolade  | 
| 
 
  | 
 OmCider  | 
| 
 
  | 
 Ryfylke Gardsysteri  | 
| 
 
  | 
 Smaken av Ryfylke  | 
| 
 
  | 
 Ystepikene  | 
| 
 Vestland  | 
 Edel Sider/Åkre Gard  | 
| 
 
  | 
 Fjellestad Gardskjøkken  | 
| 
 
  | 
 Fretheim Hotell  | 
| 
 
  | 
 Gardsbrenneriet AS  | 
| 
 
  | 
 Hardangerbonden  | 
| 
 
  | 
 Myrdal Gard  | 
| 
 
  | 
 Slettevollen Gardsysteriet i Brekke  | 
| 
 
  | 
 Kandal Kjøtt  | 
| 
 
  | 
 Varegga Mat fra Bergen AS  | 
| 
 
  | 
 Buer Gård og Restaurant  | 
| 
 Møre og Romsdal  | 
 Eggen Restaurant  | 
| 
 
  | 
 Frøysagarden  | 
| 
 
  | 
 Tingvoll Sider på Strupstad Gard   | 
| 
 
  | 
 Sider AS  | 
| 
 
  | 
 Skarbø Gard  | 
Messedeltakinga er eit stort prosjekt eigd av Landbruks- og matdepartementet, mens den nasjonale prosjektleiinga ligg hjå Innovasjon Norge. Målet er å bygge Noreg som ein sterk mat- og reiselivsnasjon. Arbeidet styrker omdømet til norsk landbruk og norsk mat og drikke, mens deltakarane får sjansen til å samarbeide på tvers av verksemd og region. Nye nettverk stimulerer til nyskaping – dette er en klassisk vinn-vinn-konstellasjon.
Arrangørane for Internationale Grüne Woche reknar med om lag 1900 utstillarar frå 72 land og ca. 400 000 besøkjane.
        
Kontaktpersonar
- 
            Dirk Kohlmann
                
Tlf: 55 57 21 71 - 
            Marit Hjortung
                
Tlf: 57 64 30 89 - 
            Marie Teigland
                
Tlf: 71 25 84 39