Etterspørsel etter investeringsmidlar i landbruket også i 2023

Økologiske kyr på beite på Randaberg. Foto: Annabell Pfluger

Onsdag 19. april var det møte i landbrukspartnarskapet, der Innovasjon Norge la fram status for bruk av investeringsmidlar. Rogaland fylkeskommune orienterte om at det er tid for å søkje utviklingsmidlar, med søknadsfrist 28. april.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 21.04.2023

Innovasjon Norge la fram status for løyvingar av investeringsmidlar – IBU-midlar. Det er framleis uvisse i næringa knyta til økonomi og investeringar. Det er tildelt om lag halvparten av potten, ein pott som er auka frå 70 til om lag 90 millionar kroner. Prognosane tilseier at det meste av midlane kan vere brukte opp i løpet av juni. Møtet er nyttig som grunnlag for å sjå om vi treff i høvet til strategien, og korleis tilstanden er når det gjeld investeringsvilje.

Mobilisering gir effekt
Mot slutten av 2022 var det uvisse om korleis investeringsinteressa ville bli ved overgangen til 2023. Det blei difor arrangert eit webinar 7. desember 2022 for å mobilisere til investering. Særleg det å investere i nye mjølkefjøs. Vi følgde opp med ei nettsak i november 2022 der vi informerte om prioriteringane for 2023. Vår vurdering er at denne mobiliseringa har hatt positiv effekt. 

19 millionar til 9 nye mjølkefjøs til nå i 2023
Det er til nå i 2023 løyv om lag 19 millionar til 9 mjølkefjøs, og det er 13 saker under behandling. I 2022 gjekk 70 % av midlane til 37 mjølkeprosjekt. Det er framleis klart fokus på det å prioritere omlegging frå båsfjøs til lausdrift for mjølkebruk inntil 30 kyr. I tråd med nasjonale og regionale føringar blir det gitt meir støtte i slike prioriterte investeringsprosjekt.

Innovasjon Norge kan elles rapportere om auke i saker som gjeld landbrukstilknytta tilleggsnæring.

Dyrevelferd i fokus
Dyrevelferd er eit viktig tema når det gjeld prioritering. Det er til nå i år gitt støtte til 4 anlegg for omlegging til SPF-gris (gris som er fri for spesifikke sjukdommar), og det vil bli fleire løyvingar til dette føremålet. Dyrevelferd kan også vere eit kriteria for å få støtte til fornying av bygg for sau og kjøttfe.

Har du tankar om å søkje om IBU-midlar i 2023 – gjer det nå!
Dersom du har tankar om å få del i potten for 2023, må du vere snar med å søke. Det er godt kjent at Rogaland ikkje får tildelt midlar i forhold til omfang i husdyrhaldet, og at det difor må vere ei streng prioritering. Det er avtalt nytt møte i partnarskapet 23. juni for oppdatering, og for drøfte det å be om meir midlar til Rogaland. Det er annonsert at det til hausten kan vere aktuelt å flytte midlar frå regionar som har ubrukte midlar.

Regionale tilretteleggingstiltak i landbruket
Rogaland fylkeskommune informerte i møtet om at det er kome inn få søknader til regionale tilretteleggingstiltak i landbruket (RT-midlar). Meir om denne ordninga finn du på eiga nettside. Første søknadsfrist er nå 28. april, og neste frist er 13.oktober 2023.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.