Ein skog av bygg i tre i Rogaland
Bruk av tre som konstruksjonsmateriale har fått sin renessanse, også i Rogaland.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Det er allereie sett opp eit mangfold av bygningar der berekonstruksjonen er i tre i Rogaland, og fleire kjem til i tida fram over.
Heilt sidan 1904 og bybrannen i Ålesund, har betong og stål vore det dominerande kontruksjonsmaterialet i større byggningar. Dette er no på veg til å endre seg etter kvart som me hentar fram kunnskapen om bruk av tre i berande konstruksjonar.
Nye KFskolen i Stavanger, boligprosjektene Husene i skogen på Jåttå og Vindmøllebakken på Storhaug, og næringsbygg som Finanasparken i Bjergsted er berre nokon eksempel på prosjekter. På Tastarustå reiser no Eple-stien seg med fire byggningar på fem etasjar som totalt rommar 107 leiligheiter.
Å bygge i tre gir klimagevinst
Skogen bind karbon når den veks og når me nyttar tre til byggemateriale blir sjølve bygget eit lager for karbon. I tillegg får me ekstra effekt ved at me byter ut materialer basert på fossile råstoff, den så kalla substitusjonseffekten. Klimakur 2030 legg fram at bruk av tre i langtlevande produkter som byggningsmaterialer er den beste bruken av trevirke i eit klimaperspektiv.
I Rogaland har me ein eigen tredrivar, Kristin Bryne-Sandvik, som jobbar med å auka kompetansen om og bruken av tre. Tredrivaren i Rogaland er del av eit nettverk av regionale pådrivarar innan innovativ trebruk koordinert av Innovasjon Norge.