Tilskot til nærings- og miljøtiltak i skogbruket - NMSK
Ansvar for forvaltning av tilskot til nærings- og miljøtiltak i skogbruket er lagt til kommunen. Kommunane har etter regelverket ansvar for å utarbeide overordna retningsliner for prioritering av søknader/tiltak. Til hjelp i arbeidet har Statsforvalteren utarbeidd ein eigen mal.
Føremålet med tilskotsordninga skal stimulere til auka verdiskaping i skogbruket, samtidig som miljøverdiar knytt til biologisk mangfald, landskap, friluftsliv og kulturminne i skogen blir vareteken og vidareutvikla.
Dei overordna retningslinene - tiltaksstrategien for tilskot til nærings- og miljøtiltak i skogbruket (NMSK) skal utarbeidast i dialog med Statsforvalteren, kommunen og næringsorganisasjonane i skogbruket lokalt.
Tiltaksstrategien og vedlagt mal gjeld for tilskot til skogkultur (planting, ungskogpleie m.m.) og førstegangstynning. Strategien gjeld vanlegvis for ein 4-års periode. For tilskot til skogsveier, taubane og o.a. er det utarbeidd ein eigen og felles tiltaksstrategi for alle kommunane.
Ein gjennomtenkt tiltaksstrategi med klare mål, prioritering av tiltak, fastsetting av tilskotssatsar og konkrete tiltak for nå måla, vil vere nyttig reiskap for ei berekraftig utnytting og vidare utvikling av skogressursane i kommunen.
Vi tilrår også at tiltaksstrategien blir handsama og forankra politisk i kommunen. Vi viser elles til forskrifta under for fleire detaljar.
"Forskrift om tilskot til nærings- og miljøtiltak i skogbruket."