Ikkje nødvendig med overvaking av barkbille i Rogaland
Stor granbarkbille kan gjere stor skade på skogen, og billebestanden blir difor overvaka. Det er liten risiko for utbrot i Rogaland og fylket er difor ikkje med i overvakinga.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Om forholda ligg til rette kan stor granbarkbille (Ips typographus) opptre i så store mengdar at dei kan angripe og svekke frisk skog slik at den døyr. Under det store utbrotet i Noreg på 70-talet gjekk det med tømmerverdiar til 500 millionar i Østlandsområdet.
Sidan 2016 har det vore eit pågåande utbrot i Europa som har gått så langt nord som til Sør-Sverige. Forskinga, forvalting og næringa på vakt overfor teikn som tydar på at me kan få angrep også i Noreg.
Ny beredskapsplan
Landbruksdirektoratet og NIBIO har i samarbeid laga beredskapsplan for stor granbarkbille som beskriv roller og ansvar ved eit større utbrot i Noreg. Risikoen for utbrot blir vurdert kontinuerleg gjennom barkbilleovervakinga i regi av NIBIO. Det er sett ut feller for å fange og registrere billebestanden i risikosonene for utbrot.
Rogaland er utanfor risikoområdet
Rogaland, Vestland, Møre og Romsdal, og Troms og Finnmark er ikkje med i overvakingsprogrammet. Vurderinga er at fylka ligg utanfor område der stor granbarkbilla representerer ein risiko for skogbruket. Vurderinga er knytt til i kor stor grad billa finst, og kor stort volumet og dekninga av gran i hogstklasse 4 og 5 er i desse fylka.
I samband med den nye beredskapsplanen er behovet for overvaking i Rogaland vurdert på ny. Det er framleis få faktorar som tilseier at eit utbrot vil råke Rogalands-skogen og Rogaland blei difor ikkje innlemma i overvakingsprogrammet.
Kartbasert varsling om risiko for utbrot
Antal biller registrert i fellene gjennom overvakingsprogrammet er ein av faktorane som legg grunnlag for varslingar om risiko for utbrot. Varslingane blir lagt ut i kartbasen til NIBIO; kilden.nibio.no. Gjennom sommaren 2021 blir varselet oppdatert fire gonger.
Basert på varslinga og beredskapsplanen blir det sett i verk tiltak som er med på å avgrense angrep og berge verdiar. Dei viktigaste tiltaka gjer ein likevel kontinuerleg i forkant av utbrot gjennom å val av riktig treslag, proveniens og skjøtsel av skogen. Dette er med å førebygge ved å halde skogen vital og dermed motstandsdyktig mot angrep.