Anbefalt kostnadsnivå for skogkulturtiltak i Rogaland
Anbefalt kostnadsnivå for skogkulturtiltak i Rogaland er revidert i 2022. Dei nye satsane er sendt til kommunane.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Før vedtak om NMSK-tilskot og utbetaling av skogfond til skogkulturtiltak, skal kommunen vurdere om kostnadane er innanfor normalområdet og/eller i samsvar med omfanget og kvaliteten på arbeidet.
Riktig kostnadsnivå skal sikre rett og best mogleg utnytting av tilskotsmidla og bruk av skogfondet til skogeigaren med 85 % skattefordel. Det skal leggjast til grunn at alt skogkulturarbeid skal utførast mest mogleg kostnadseffektivt. Det betyr at ein må stille krav til bruk av eigna utstyr, kompetanse og praksis. Tiltak uført til riktig tidspunkt gir styrst nytte og bør prioriterast.
Bruk av anbefalingane
I dokumentet finnst anbefalt kostnadsnivå som skal gjennspeile gjennomsnitskostnaden for eit gitt type tiltak. Anbefalt kostnadstak er førande for når kommunen bør vurdere om eit tiltak er for dyrt.
Satsane er retningsgjevande og ikkje absolutte. Tilhøva rundt det enkelte tiltak kan variera mykje, og satsane må brukast med dette som bakgrunn. For tiltak med kostnad over anbefalt kostnadstak må kommunen vurdere om det er grunn til å gå ut over anbefalingane, og grunngi avvik i ØKS.
Gjeldande satsar er utarbeidd i dialog med dei skogansvarelege i kommunane og næringsaktørane som opererer i Rogaland. Satsane blir vurdert årleg og revidert ved behov.
Dei reviderte satsane kan lastast ned her og ligg også som vedlegg til denne artikkelen.
Kontaktpersonar
-
Morten Svanes
Tlf: 51 56 89 74