Tema: Tilskotsordningar i skogbruket

Føremålet med tilskotsordningane i skogbruket er å stimulere til eit aktivt og berekraftig skogbruk og auka verdiskaping gjennom langsiktige investeringar. Ordningane skal også bidra til at miljøverdiar knytt til biologisk mangfald, landskap, friluftsliv og kulturminne blir ivareteke.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 27.08.2020, Sist endra 20.07.2021

Statsforvaltaren har det regionale ansvaret for at tilskot innan jordbruk- og skogbruksområdet blir brukt og forvalta i samsvar med føresetnadene og gjeldande lovar og reglar. Dette skjer gjennom rettleiing, dialog og kontroll av kommunen.

Kommunane er mellom anna vedtaksmynde for tilskot til følgande tiltak:

  • Skogplanting
  • Ungskogpleie
  • Skogsvegbygging
  • Skogsdrift
  • Ulike driftstekniske tilskot
  • Miljøtiltak i skogen
  • Tettare skogplanting som klimatiltak
  • Gjødsling av skog som klimatiltak

Statsforvaltaren i Rogaland er vedtaksmynde for følgande tilskotsordningar:

  • Skogbruksplanlegging med miljøregistrering

Landbruksdirektoratet forvaltar:

  • Rentemidler frå skogfond
  • Utviklingsfondet for skogbruk

Vidare kan du lese meir om dei ulike ordningane.

Tilskot til nærings- og miljøtiltak i skogbruket (NMSK)

Denne tilskotsordninga omfattar tilskot til kvalitetsfremmande tiltak i skogen, skogbilvegar og miljøtiltak i skog. Kommunen er vedtaksmynde og fastsett tilskotssatsar, vilkår for tilskot og prioriteringsområder i tråd med vedtekne retningsliner. Skogeigar sender søknad om tilskot på eige skjema til kommunen for sakshandsaming. Kommunen vurderar om tiltaka er skogfagleg forsvarlege og at kostnadene er økonomisk forsvarlege. 

Kommunane kan gi tilskot til:

  • foryngelsestiltak som planting, såing og markberedning
  • ungskogpleie
  • stammekvisting
  • tynning (dekke underskudd)
  • gjødsling av skog
  • Nybygging av skogsveier
  • Ombygging av eksisterende skogsveier
  • Utdrift av skogsvirke med taubane, hest o.a.
  • Drifter med lang terrengtransport
  • Drifter som styrkar eksisterande veginvesteringar
  • Dekking av meirkostnadar knytta til skjøtsel og bevaring av miljøverdiar i skog
  • Tiltak og prosjekt som bidrar til å utvikle skogbruket i kommunen eller regionen (som ikkje får tilskot frå andre ordningar i landbruket)

Tilskot til skogbruksplanlegging med miljøregistrering

Skogbruksplanen med miljøregistreringar i skog (MiS) gir skogeigaren informasjon om skogressursane og miljøverdiane på eigedommen. Den er eit av dei viktigaste verktøyet skogeigaren har for å drive eit aktivt og berekraftig skogbruk.

Statsforvaltaren vedtek tildeling av tilskot som mellom anna kan gå til takst for ein enkelt eigedom, for fleire eigedommar i saman eller for eit definert område, eksempelvis ein kommune. Statsforvaltaren kan også gi tilskot til deltaking på godkjent kurs i utarbeiding og bruk av skogbruksplan. Landbruks- og matdepartementet har mynde til å godkjenne bruk av tilskotsmidler til andre tiltak som fell innanfor føremålet med ordninga. 

Ta kontakt med rådgjevarane på skogbruk hjå Statsforvaltaren i Rogaland ved spørsmål om tilskot til skogbruksplanlegging.

Tilskot til tettar skogplanting som klimatiltak

Tilskot til tettare planting skal bidra til auka binding av CO2 gjennom optimal utnytting av produksjonsevna til skogareala. Føremålet med ordninga er å auka antall skogplanter ved planting på skogareal etter hogst. Tiltaket omfattar både tettar planting ved planting etter hogst og suppleringsplanting.

Skogeigarar med meir enn 10 daa produktiv skog kan søke om tilskot til kommunen. Kommunen er vedtaksmynde og mottek, behandlar og tildeler tilskot. Landbruksdirektoratet forvaltar ei sentral tilskotsramme og betalar ut tilskot til godkjente søknadar.

Tilskot til gjødsling av skog som klimatiltak

Gjødsling av skog gir auka opptak av CO2 gjennom auka tilvekst i skogen. Gjødsling er eit effektivt tiltak for å auke produksjonen på arealet og gir umiddelbar respons i form av auka tilvekst. Verditilveksten etter gjødsling gir god lønsamheit i tiltaket.

Kommunen er vedtaksmynde og mottek, behandlar og tildeler tilskot. Søknad om tilskot sendes til kommunen så snart som mogleg etter tiltaket er avslutta.  

Rentemidler

Renter av skogfond (rentemidler) er renteinntekter frå inneståande skogfond. Skogeigaren kan ikkje ta ut desse rentene, og rentemidlene brukes til føremål som skal kome skogbruket som eit heile til gode ved at dei blir gitt som tilskot, jamfør forskrift om skogfond. Ein kan mellom anna få tilskot til:

  • Materiell og felleskostnadar knytt til informasjonsarbeid
  • Organisasjonar og institusjonar som fremmar skogbruket sine interessar (ikkje driftstilskot)
  • Felleskostnadane knytt til skogbruksplanlegging/takstar

Landbruksdirektoratet har ansvar for forvaltinga av rentemidla, og dei er fordelt mellom kommunane, fylka og ein nasjonal pott. Kontakt din kommune eller Statsforvaltaren i Rogaland om du ynskjer å søke på dei kommunale eller regionale rentemidlene. For prosjekt som omfattar heile landet kontakt Landbruksdirektoratet.

Utviklingsfondet for skogbruk

Utviklingsfondet for skogbruk har som føremål å fremma forsking, utvikling, informasjon og opplæring innan skogbruk, samt andre tiltak av interesse for skogbruksnæringa.

Landbruksdirektoratet er sektretariat for Utviklingsfondet for skogbruket.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.