Tema: Planting av utanlandske treslag
Ein treng løyve om ein ynskjer å plante utanlandske treslag til skogbruksføremål. Dette gjeld også for planting til produksjon av juletre og pyntegrønt.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Utanlandske treslag er definert som artar, underartar, eller sortar av tre som ikkje har sitt noverande eller historiske utbreiingsområde i Noreg. Typiske eksempel er sitkagran (Picea sitchensis) og lerkeartar (Larix) som er nytta til skogproduksjon, og edelgran (Abies alba) og fjelledelgran (Abies lasiocarpa) nytta til juletreproduksjon.
Bakgrunnen for bruk av dess treslaga har mellom anna vore ettertrakta estetiske verdiar eller eigenskapar som stor virkesproduksjon og god tilpassingsevne til utfordrande klimatiske forhold.
Hovudtyngden av førekomstane av utanlandske treslag blei etablert under skogreisingsperioden i frå 1950 til 1990. Litt under 1 % av det produktive skogarealet i Noreg er dominert av utanlandske treslag i dag. Utanlandske treslag har i mange område bidratt til auka skogproduksjon.
Søknadsplikt
Utsetting av utanlandske treslag til skogproduksjon og juletreproduksjon er i dag regulert gjennom forskrift om utsetting av utanlandsk treslag til skogbruksformål. Grunneigar må søke Statsforvaltaren om løyve før utsettinga jamfør forskrifta. Med utsetting meiner ein både planting og såing.
Bruk av utanlandske treslag i hagar og parkanlegg og andre dyrka område er regulert gjennom forskrift om innførsel og utsetjing av framande organismar. Ein søknad til slike føremål skal rettast mot Miljødirektoratet.
Søknadsprosessen
Du kan søke Statsforvaltaren i Rogaland om løyve til planting. Søknaden skrivest på eit standard søknadsskjema og sendest til Statsforvaltaren seinast to månader før plantinga er planlagt. Arealet som er tenkt planta skal vere avgrensa på kart som du legg ved søknaden.
Planting på jordbruksareal (fulldyrka, overflatedyrka eller innmarksbeite) vil kreve ei omdisponering til skogareal jamfør jordlova. Kommunen må då føreta ei jordlovbehandling, og ved eit løyve vil det bli sett vilkår om omdisponering før løyvet er gyldig og plantinga kan skje.
Søkar eller andre kan påklaga vedtaket. Klagen sendest til Statsforvaltaren som kan oppheva eller endra vedtaket dersom me finn at klagen er berettiga. Dersom Statsforvaltaren ikkje finn grunn til å oppheva eller endra vedtaket blir klagen oversendt til Miljødirektoratet for endeleg klagebehandling.
Juletre- og pyntegrøntproduksjon
Forskrifta opnar for å gi fleirårig løyve til planting med juletre- og pyntegrøntproduksjon som føremål. I dette ligg at produsenten får løyve til å gjennomføre fleire plantingar innanfor eit definert areal. Løyvet vil gjelde for eit bestemt tidsrom og produsenten må sende ny søknad når denne perioden går ut.
Om plantinga har juletre- og pyntegrønprodusentar som føremål har du også høve til å søke om planting av fleire treslag per areal. Det betyr at du kan søke for planting av fleire aktuelle treslag på eit gitt areal. Er føremålet skogproduksjon er det kun høve til å søke om eitt treslag per definerte areal.
Kontaktpersonar
-
Stein Bomo
Tlf: 51 56 89 72