Tema: Vernskog i Rogaland
Opp mot fjellet og ut mot havet tener skogen som vern mot ver, vind og naturskadar for annan skog, dyrka mark og bygningar. Kommunane i Rogaland har definert eigne grenser for kvar skogen tener som vern og reglar knytt til skjøtsel og hogst innanfor desse områda.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Forvalting av vernskog
Føremålet med vernskogen er å gi vern mot naturskader som skred, steinsprang og flom, samt sikre forynging av ny skog og produksjon i klimautsette skogområde. Vernskog er eit formelt omgrep. Skogbruksmynde kan nytte vernskobestemmingane i skogbruksloven § 12 som verktøy til å regulera og ha kontroll med skogbruksaktiviteten i eit område der det er spesielt viktig å sikre at skogen opprettheld vern-funksjonen.
Dagens vernskoggrenser i Rogaland blei vedtatt på 90-talet av kommunestyra og dei tidlegare fylkeslandbruksstyra. Grensene er ofte basert på verbale beskrivingar og kan variere mellom kommunar. Endringar i kommunegrensene påverkar ikkje vernskoggrensene. Dette medfører at ein del av eit samanhengande skogområde kan vere underlagt meldeplikt, mens ein annan del ikkje er det.
Vernskog i Rogaland
14 kommunar i Rogaland har i dag vernskog. Reglane er tilpassa kommunegrensene frå 1996. Oversikten over kommunar og lokale reglar kan lastast ned frå margen til høgre. Samtlege reglar inneberer meldeplikt ved planlegging av hogst, føringar for hogst og maksimal flatestorleik.
Skogeigar må sende melding til kommunen seinast tre veker før hogsten er tenkt sett i gong. Kommunen kan treffe vedtak om godkjenne eller avslå hogsten, eller sette vilkår for gjennomføringa. Om skogeigar ikkje har fått svar innan ei veke før hogststart, er den godkjent. Meldeskjema til kommunen ligg for nedlasting i høgre marg.
Ikkje spesielle reglar for tilskot
I utgangspunktet gjeld dei same reglane for tildeling av tilskot og bruk av andre økonomiske verkemiddel som i annan skog. Ut over dette kan den ansvarlege skogbruksmynde utforme tilskotsforvaltninga slik den finn den mest føremålstenleg innanfor dei lokale vernskogvedtaka.
Vernskog i kart
På karttjenesten www.kilden.nibio.no kan ein søke på vernskog og sjå vernskoggrensene for Rogaland. Det er ikkje alle grensene som ligg inne i denne karttenesta, og for å få ein meir detaljert beskriving av vernskoggrensene i den enkelte kommune anbefalar me å laste ned oversikten eller dei lokale bestemmingane i høgre marg.
Kommunar med vernskogbestemmingar (kommunegrenser før 2020)
Kommune |
Vernskog |
Kommune |
Vernskog |
Kommune |
Vernskog |
Eigersund |
JA |
Sandnes |
JA |
Bjerkreim |
NEI |
Finnøy (gml) |
JA |
Sauda |
JA |
Bokn |
NEI |
Forsand (gml) |
JA |
Sola |
JA |
Haugesund |
NEI |
Gjesdal |
JA |
Stavanger |
JA |
Kvitsøy |
NEI |
Hjelmeland |
JA |
Strand |
JA |
Lund |
NEI |
Hå |
JA |
Suldal |
JA |
Rennesøy |
NEI |
Karmøy |
JA |
Tysvær |
JA |
Sokndal |
NEI |
Klepp |
JA |
Vindafjord |
JA |
Time |
NEI |
Randaberg |
JA |
|
|
Utsira |
NEI |
Kontaktpersonar
-
Stein Bomo
Tlf: 51 56 89 72
Dokument
- Vernskog meldeskjema
- Vernskog oversikt kommunar
- Vernskogreglar Eigersund kommune.pdf
- Vernskogreglar Finnøy kommune.pdf
- Vernskogreglar Forsand kommune.pdf
- Vernskogreglar Gjesdal kommune.pdf
- Vernskogreglar Hjelmeland kommune.pdf
- Vernskogreglar Hå kommune.pdf
- Vernskogreglar Karmøy kommune med nærare beskriving av område.pdf
- Vernskogreglar Klepp kommune.pdf
- Vernskogreglar Randaberg kommune.pdf
- Vernskogreglar Sandnes kommune.pdf
- Vernskogreglar Sauda kommune.pdf
- Vernskogreglar Sola kommune.pdf
- Vernskogreglar Stavanger kommune.pdf
- Vernskogreglar Strand kommune.pdf
- Vernskogreglar Suldal kommune.pdf
- Vernskogreglar Tysvær kommune.pdf
- Vernskogreglar Vindafjord kommune.pdf