Kommuneark frå spørjeundersøking i landbruket
Heile 40 prosent av bøndene i Rogaland svarte på ei spørjeundersøking dei fekk tilsendt i oktober 2022. Dei mest sentrale spørsmåla gjekk på kva produksjonar føretaka har i dag, og kva bøndene sjølve trur det er av produksjonar på garden om 15 år. Resultata har fått stor merksemd i media.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Det er den regionale landbrukspartnarskapen som står bak undersøkinga*. Partnarskapen ynskjer meir kunnskap om bøndene sine framtidsplanar, for mellom anna å kunne målrette ulike verkemidlar. Vidare er føremålet med undersøkinga å skape eit breitt engasjement hjå dei ulike aktørane som arbeider i, for eller med landbruksnæringane. Så bør det nesten ikkje vere nødvendig å minne om kva som er den viktigaste føresetnaden for verdikjedane i landbruket – bøndene. Og då bør svara frå bøndene vere av stor interesse for mange.
Bøndene har svart anonymt, og dei har ikkje gitt opplysningar som areal, volum, tal dyr og liknande. Tolkingane av resultata kan med det bli noko krevjande. Til dømes kan vi ikkje utan vidare seie at nedgang i tal bruk med ein gitt produksjon gir redusert totalproduksjon i kommunen eller fylket, då andre føretak kan auke (minst) tilsvarande. Men undersøkinga gir eit godt utgangspunkt for dialog med kommunar, næringa og andre aktuelle.
Kommuneark
Resultata frå undersøkinga er vist per kommune. Tal for fylket er i så måte interessant, men relevansen aukar nok med tilsvarande kunnskap for enkeltkommunar. Datagrunnlaget er så pass stort at vi har laga eit ark for alle kommunane der fleire enn 10 av bøndene i kommunen har svart. Vi har difor ikkje har laga ark for Kvitsøy og Utsira kommunar.
Vi vonar mange no blir engasjerte og bruker resultata målretta, slik at vi også om 15 år har aktivt landbruk i heila Rogaland, og der alt jordbruksareal er i produksjon.
* Rogaland fylkeskommune, Rogaland Bondelag, Rogaland Bonde- og Småbrukarlag, Innovasjon Norge Rogaland, Skognæringsforum og Statsforvaltaren i Rogaland.
Kontaktpersonar
-
Anfinn Rosnes
Tlf: 51 56 89 80 / 48 14 72 13
Dokument
- Bjerkreim - Framtidsutsikter i landbruket i Rogaland.pdf
- Bokn - Framtidsutsikter i landbruket i Rogaland.pdf
- Eigersund - Framtidsutsikter i landbruket i Rogaland.pdf
- Gjesdal - Framtidsutsikter i landbruket i Rogaland.pdf
- Haugesund - Framtidsutsikter i landbruket i Rogaland.pdf
- Hjelmeland - Framtidsutsikter i landbruket i Rogaland.pdf
- Hå - Framtidsutsikter i landbruket i Rogaland.pdf
- Karmøy - Framtidsutsikter i landbruket i Rogaland.pdf
- Klepp - Framtidsutsikter i landbruket i Rogaland.pdf
- Lund - Framtidsutsikter i landbruket i Rogaland.pdf
- Randaberg - Framtidsutsikter i landbruket i Rogaland.pdf
- Sandnes - Framtidsutsikter i landbruket i Rogaland.pdf
- Sauda - Framtidsutsikter i landbruket i Rogaland.pdf
- Sokndal - Framtidsutsikter i landbruket i Rogaland.pdf
- Sola - Framtidsutsikter i landbruket i Rogaland.pdf
- Stavanger - Framtidsutsikter i landbruket i Rogaland.pdf
- Strand - Framtidsutsikter i landbruket i Rogaland.pdf
- Suldal - Framtidsutsikter i landbruket i Rogaland.pdf
- Time - Framtidsutsikter i landbruket i Rogaland.pdf
- Tysvær - Framtidsutsikter i landbruket i Rogaland.pdf
- Vindafjord - Framtidsutsikter i landbruket i Rogaland.pdf
- Rogaland - Framtidsutsikter i landbruket i Rogaland.pdf