Karen Beate Grimstad er tilsett ved landbruksavdelinga
Mange av dykk har allereie møtt Karen Beate på landbruksavdelinga der ho har hatt eit engasjement det siste året. Ho er nå fast tilsett som seniorrådgivar på avdelinga.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 22.03.2018
Karen Beate jobbar først og fremst med tilskotsforvaltning. Ho skal og jobba med erstatningssaker, plantehelse og miljøsaker. Blant anna har ho ansvar for prosjektet avrenning av næringsstoff frå veksthus.
Karen Beate har tidlegare jobba med vannforvaltning i Rogaland fylkeskommune. Før det var ho i mange år tilsett i Landbruks- og matdepartementet og nokre år i Mattilsynet. Karen Beate er utdanna innan plantevitenskap på Norges miljø- og biovitenskapelige universitet på Ås.