Tid for å søkje produksjonstilskot i jordbruket- hugs konsekvensar ved utegløymte opplysningar
Fristen for å søkje om produksjonstilskot i jordbruket er onsdag 20. januar. Hugs å få med alle opplysningane når du søkjer - å etterregistrere utegløymte opplysningar, blir rekna som innsending av ny søknad. Etter fristen blir søknadar trekt med kr 1000 per dag.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Vi vil oppmode til å levere søknaden elektronisk via Altinn. På nettsidene til Landbruksdirektoratet finn du aktuell informasjon om søknadsomgangen.
Vær merksam på at dersom du har gløymt å føre på t.d. dyr eller areal i søknaden, og ønskjer at landbruksforvaltninga skal leggje desse til etter søknadsfristen, blir det rekna som at søknaden blir sendt inn på nytt. Søknadar som blir levert etter søknadsfristen blir trekte med kr 1000 per dag. Det vil seie at du blir trekt med kr. 1000 pr. dag frå søknadsfristen, og fram til dei nye opplysningane er meldt inn.
Etter ein månad etter søknadsfristen er det i utgangspunktet ikkje lenger mogleg å føre opp utegløymte opplysningar. Årsaka er at ein søknad om produksjonstilskot ikkje kan sendast inn seinare enn ein månad etter søknadsfristen.
Ta kontakt med landbruksforvaltninga i kommunen din om du har spørsmål.