Endelege satsar for produksjons- og avløysartilskot er fastsett
Produksjons- og avløysartilskotet for 2022 blir betalt ut 15. februar. Landbruks- og matdepartementet har no fastsett dei endelege tilskotssatsane.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
I jordbruksoppgjeret fastsett avtalepartane førebelse satsar for produksjonstilskot og avløysartilskot. Satsane blir fastsett ut frå bevilgningsramma for kvar av tilskotsordningane med grunnlag i prognoser for kor mange dyr, daa m.m. som jordbruksføretaka vil søkja om tilskot til. Deretter blir dei endelege satsane fastsett i januar året etter at søknadane er levert.
Driftstilskot til mjølkeproduksjon har auka med 3 500 kr per føretak. Elles er dei endelege satsane lik dei førebelse satsane. Les meir på Landbruksdirektoratet sine nettsider.
Hovudutbetalinga av produksjonstilskot og avløysartilskot for 2022 kjem 15. februar.