Nytilsett i landbruksavdelinga

Janne Breivik er tilsett som ny rådgivar i 100 % stilling på landbruksavdelinga frå 3. august.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 03.09.2020

Janne er utdanna ved NMBU og har mastergrad i husdyrfag frå 2008. Ho har etter utdanninga jobba som optimerar og kvalitetsleiar i Fiskå Mølle AS og som fôringsrådgivar i TINE SA.

Sentrale arbeidsoppgåver på landbruksavdelinga vil vere saksbehandling av produksjonstilskot i landbruket, samt å arbeide med miljøoppgåver innan Regionalt Miljøprogram i Rogaland. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar